Frist: 27. okt.

HMR Hydeq søkjer leiar innkjøp og ettermarknad

Er du klar for ei høgteknologisk produksjonsbedrift?

Då vår noverande leiar har gått over i ein annan stilling i bedrifta, søkjer no HMR Hydeq AS etter ny leiar for innkjøps- og ettermarknadsavdeling. Stillinga vil inngå i driftsstøtteavdelinga vår og din bransjeerfaring og evne til sjølvstendigheit og team-leiing vil bli vektlagt ved vurdering av kandidatar.

Ansvarsområde:

  • Overordna ansvar for innkjøp, logistikk og ettermarknad
  • Innhente tilbod frå leverandørar og foreta kommersiell tilbodsevaluering
  • Utarbeide, forhandle og følge opp innkjøpskontrakter på materiell, utstyr og tenester
  • Delta i kalkylearbeid for nye prosjekter
  • Sikre kontinuerleg utvikling og implementering av effektive innkjøps- og arbeidsprosessar
  • Personalansvar for tilsette i avdelinga

Ønskede kvalifikasjonar:

  • Høgare relevant utdanning innan teknisk, økonomi og/ eller innkjøp
  • Fordel med leiarerfaring
  • Erfaring med internasjonal handel er ein fordel
  • Erfaring med ERP system, fortrinnsvis Dynamics NAV
  • Forhandlingsvant og løysingsorientert
  • Flytande norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
  • Relevant lang erfaring kan kompensere for utdanning

Personlege eigenskapar:

  • God arbeidskapasitet
  • Evne til kunne handtere fleire oppgåver samtidig
  • Strukturert og systematisk
  • Imøtekommande og samarbeidsorientert
  • Fagleg nysgjerrig med fokus på kontinuerleg forbetring og utvikling
  • Analytisk med evne til å tenke heilskapleg og langsiktig

Me tilbyr:

  • Ein innovativ og framtidsretta arbeidsplass
  • Gode moglegheiter for utvikling og påverking
  • Plass i bedriftenes leiargruppe
  • Gode vilkår for rett person
  • Rapportering til dagleg leiar

 

For spørsmål og meir informasjon om stillinga: 

  • Tor Erik Sveen, Dagleg leiar, tlf. 900 98 636
  • Bente Sissel Myrland, Leder lønn- og personalavdeling, tlf. 480 22 677

 

Søknadsfrist: 27.10.2019

Arbeidsstad: Øvre Årdal

Gå til søknadsskjema
Til toppen