Frist: 20. Dec

HNU søkjer ny næringssjef - vikariat 3 år

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Er du rett kandidat?

Næringssjef – vikariat 3 år Høyanger Næringsutvikling AS (HNU) søkjer etter næringssjef i heil stilling. Med bakgrunn i at ordføraren i Høyanger kommune for tida har permisjon frå stillinga vil vedkomande bli tilsett i eit 3-årig vikariat fram til kommunevalet i 2023.


Om stillinga
Næringssjefen har i overordna oppgåve å legge til rette for styrking og utvikling av meir lokal næringsutvikling og verdiskaping i Høyanger kommune. Dette er ei oppgåve som tek mange former, og som krev eit breitt spekter av tilnærmingsmetodar. Næringssjefen har tett kontakt både med lokalt næringsliv og offentleg forvaltning, og vil ha det overordna ansvaret for all aktivitet og alle prosjekt som HNU er involvert i.

I rolla som næringssjef må du ha evne til å kople folk, kompetanse og kapital på ein måte som gagnar næringslivet i Høyanger kommune både på kort og lang sikt.


Hovudarbeidsoppgåver 

  • Sakshandsaming av næringssaker.
  • Deltaking og medverknad i prosjekt- og prosessoppgåver.
  • Rettleiing og oppfølging av verksemder.
  • Andre oppgåver etter nærare avtale.

 

Eigenskapar vi er på jakt etter

  • Du er endringsorientert og har evne til å sjå dei store linjene.
  • Du har gjennomføringsevne og kan jobbe strukturert og målretta.
  • Du evnar å jobbe fokusert med mange ulike prosjekt samstundes.
  • Du har høgt engasjement og stort pågangsmot.
  • Du er temaorientert og er ein lagspelar som ser etter løysingar.
  • Du har gode skriftlige og munnlege framstillingsevner på norsk og engelsk.
  • Du er komfortabel med å delta i det offentlege ordskiftet knytt til lokal næringsutvikling.

 

Kompetansekrav
Det er ingen formelle krav til stillinga, men relevant høgare utdanning og/eller erfaring frå samfunnsog næringsutvikling er eit føremon.


Gode pensjons- og forsikringsordningar. Løn etter avtale. Tiltreding snarast. 


Søknad kan sendast på e-post til: terje@hnu.no.

Kontakt; Styreleiar Petter Sortland tlf 91 16 45 46 eller Næringssjef Terje Søreide tlf 95 19 84 51

 

Søknadsfrist: 20. desember 2020 

Gå til søknadsskjema
Til toppen