Frist: Snarest
(Bilde: Haavard_Nesboe)

Holen Installasjon søkjer prosjektmontør og servicemontør

Grunna stor aktivitet i regionen er me på jakt etter fleire dyktige fagfolk.


Prosjektmontør

Me søkjer montørar med erfaring frå anlegg eller større prosjekt. Som prosjektmontør vil du få delta i eit strukturert arbeidslag som saman har ansvar for fagleg utføring, effektiv montasje, elektrofaglege vurderingar og tilhøyrande dokumentasjon.

Servicemontør

Me er på jakt etter montørar med erfaring frå privatmarknaden og som trivst med å arbeide sjølvstendig. Som servicemontør vil du få ansvar for oppfylging av både store og mindre bedrifts- og privatkundar. Dette er jobben for dei som ynskjer å glede gamle og nye kundar kvar einaste dag.

For begge stillingar kan me tilby:

  • Konkurransedyktig løn (tariffløn med lokale tillegg)
  • Gode pensjonsordningar
  • Utvida forsikringsordningar
  • Tenestebil ved behov
  • Digitale verktøy for dokumentasjon og ordrehandsaming
  • Kompetanseprogram
  • Godt arbeidsmiljø
  • Aktiv montørklubb
  • Sosiale tilstellingar og aktivitetar utanom arbeidstida
  • Tilbod til aktive tilsette

Ynskja kvalifikasjonar: 

  • Fagbrev (Elektrikar, Elektromontør Gr. L, Telekommunikasjonsmontør, Dataelektroniker eller tilsvarande.)
  • Førarkort kl. B
  • Relevant praksis
  • Serviceinnstilling
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Arbeidslyst

 For meir informasjon om stillingane, kontakt dagleg leiar Agnar Holen på agnar@holen-installasjon.no

Send søknad på e-post
Til toppen