Frist: 23. Feb

Høyanger kommune søkjer driftsleiar utestasjon og leiar plan og forvaltning

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Vi har ledig stilling som driftsleiar utestasjon og leiar plan og forvaltning.

Driftsleiar utestasjon

Tenesteområdet Plan og utvikling er organisert i to einingar, Plan & forvaltning og Drift & vedlikehald. Vi er totalt ca. 50 engasjerte medarbeidarar innanfor mange ulike fagområde. I personalgruppa inngår m.a. sivilingeniørar/ ingeniørar, samfunns- og naturgeografar, sivilagronom, fagarbeidarar, vaktmeistarar og reinhaldarar. Driftsavdelinga/utestasjonen held til i eigne lokaler i Høyanger tettstad.Tenesteområdet har stor aktivitet med mange spanande prosjekt på gang og vil vere involvert i fleire utbyggingsprosjekt dei næraste åra. Arbeidsmiljøet er godt og vi vektlegg å arbeide i samansette tverrfaglege team. Vi har ledig 100% stilling som driftsleiar utestasjon. 


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere å planlegge, koordinere og følgje opp drift av veg, vatn, avløp, kommunale parkanlegg og maskinpark. Du vil bli tillagt personalansvar for ca 10 tilsette med ulike fagkompetanse. Deltaking i vaktordning kan vere aktuelt.


Kvalifikasjoner

Du har utdanning innan relevante fagområdet (fagbrev/teknisk fagskule) og relevant praksis, samt leiarerfaring. Kjennskap til og bruk av dataverktøy. Må ha førarkort kl. B, ønskelig med utvida sertifikat og kompetansebevis som er relevant for stillinga.


Personlege eigenskapar

Du er engasjert og er god på å planlegge både på kort og lang sikt. Gode kommunikasjon- og motivasjonsevner samt evne til å arbeide systematisk og har gode samarbeidsevner. 


Vi kan tilby

Gode pensjons- og forsikringsvilkår. Kommunen er hjelpsom med å skaffe kommunal bustad.


Kontaktpersonar

Dersom du ynskjer fleire opplysningar ta gjerne kontakt med leiar drift og vedlikehald Olav Nordgulen tlf 99 20 64 16 eller avd.ingeniør Asle Værøy 99 21 93 93.

Elektronisk søknad via vårt søknadssenter – merk søknad sak nr 20/75



Leiar plan og forvaltning

Tenesteområdet Plan og utvikling er organisert i to einingar, Plan & forvaltning og Drift & vedlikehald. Eininga plan og forvaltning har ledig spennande leiarstilling frå snarast.

Tenesteeining plan og forvaltning har 6 stillingsheimlar. Som leiar for eininga har du

ansvaret for:

  • Fagleg, administrativt og økonomisk ansvar for eininga
  • Kommunale planar og planprosessar
  • Byggesakshandsaming
  • Jordbruk og skogbruk 
  • Delings- og oppmålingssaker
  • Ajourføring av matrikkeldata/digitale kart (GIS).
  • Miljø og friluftsliv
  • Oppfølging av investeringsprosjekt knytt til bustadfelt, tettstadfornying, m.m.

Kvalifikasjonskrav

  • Minst 3-årig høgskule/universitetsutdanning innanfor relevante fagfelt.
  • God innsikt i offentleg forvaltning.
  • Relevant leiarerfaring er ein føremon.
  • God kunnskap om IKT som verktøy for styring og kommunikasjon.
  • Resultatorientert
  • Vere utadvendt og har gode kommunikasjon- og motivasjonsevner

Vi tilbyr:

  • Løn etter avtale. Gode pensjonsvilkår
  • Hjelp med bustad og flytting
  • Eit miljø med fokus på fagleg og personleg utvikling

Spørsmål om stillinga kan rettast til rådmann Kjellaug Brekkhus 95257725 eller til personalsjef Arnvid Hovland 99206457

Søknad via vårt søknadssenter. Merk søknad sak 20/74



Søknadsfrist:
 23.02.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen