Frist: 9. feb.

Høyanger kommune søkjer ergoterapeut og fysioterapeut

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Vi har ledig faste stillingar som fysioterapeut og ergoterapeut frå snarast.

Eining for fysikalsk medisin og rehabilitering har to ergoterapi- og  to fysioterapistillingar, ein turnuskandidat og ein stilling på hjelpemiddellageret. Vi er lokalisert i trivelege lokaler i Høyanger helse og sosialsenter og har utekontor for fysioterapeutane i Lavik helsesenter og Sørsida bygdetun med lokale som kan nyttast av begge yrkesgruppene. 

Vi arbeider innan rammer trekt opp i kommunehelsetenestelova der habilitering og rehabilitering er prioriterte oppgåver. Eininga har eit nært samarbeid med pleie- og omsorgsavdelinga, helsestasjon, skular, barnehagar og kommunelegar.


Vi søkjer deg som har:
 

  • Utdanning som fysioterapeut / ergoterapeut.
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og på lag med andre.
  • Fleksibilitet, godt humør og er samarbeidsvillig.
  • God munnleg og skriftleg kunnskap i norsk.
  • Førarkort kl B.

Løn etter gjeldande tariff. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar. Poltiattest må leggast fram ved tilsetting.

For nærmare opplysningar om stillinga ta kontakt med einingsleiar Maria Borlaug, tlf. 992 19 337

Merk søknad med saksnr 20/54 (fysioterapeut) og 20/62 (ergoterapeut)

Søknad via vårt elektroniske søknadssenter. Merk søknad med sak 20/54 (fysioterapeut) / 20/62 (ergoterapeut)

 

Søknadsfrist: 9. februar 2020

Gå til søknadsskjema
Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen