Frist: 17. nov.

Indre Sogn psykiatrisenter søkjer behandlar

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Ved seksjon Dag er det ledig 100% fast stilling som behandlar med helse/sosialfagleg utdanning frå januar 2020 (fleksibel oppstartdato).

Indre Sogn psykiatrisenter er eit moderne DPS delt i seksjon Dag og Døgn. Seksjon Dag har generell psykiatrisk poliklinikk, TSB team, jobbspesialistar, spisskompetanse på levevanar, alderspsykiatri med meir. Seksjon Døgn har 13 senger, ambulant team og aktiviseringseining. Senteret er tverrfagleg bemanna med psykiaterar, legar, psykologspesialistar, psykologar, psykiatriske sjukepleiarar, kliniske sosionomar med meir.

Sogndal Bup er samlokalisert med Indre Sogn psykiatrisenter i Sogndal kommune. Saman utgjer vi eit moderne DPS senter i Sogn. Vertskommunen er mellom anna kjent for sine bratte fjell og unike natur som er skapt for ei aktiv fritid.


Arbeidsoppgåver

  • Vurdering, utredning og diagnostisering av pasientar med psykiske lidingar og rusavhengigheit.
  • Poliklinisk og ambulant arbeid
  • Behandling ut fra den einskilde pasient sine behov og medverknad
  • Samhandling og samarbeid med aktuelle samarbeidspartar i 1. og 2. linjetenesta
  • Samhandling med pårørande


Kvalifikasjonar

  • Helse/sosialfagleg utdanning med relevant vidareutdanning
  • Erfaring og interesse for arbeid med rusavhengigheit og psykiske lidingar
  • Førarkort klasse B er ein føremon
  • Søkarar utanfor skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Eigenerklæring om vaksinasjon- immunitetstilhøve, tuberkuloseundersøking og MRSA- testing må fyllast ut ved tilsetting.


Utdanningsretning

  • Psykiatri


Utdanningsnivå

  • Bachelor/master


Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Gode samarbeidsevner
  • Lyst til å utvikle deg saman med oss
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø


Language

  • Norsk


Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Gode mulegheiter for fagleg utvikling
  • Engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
  • Trivelig arbeidsmiljø.


Kontaktinformasjon
Øyvin Helge Myrmel, Avdelingssjef, 415 30 396
Mali Strand, Konstituert seksjonsleiar, 576 27 500


Arbeidsstad
Dalavegen 29
6856 Sogndal


Søknadsfrist: 17.11.2019

 

Søk på stillinga:Klikk her

 

Gå til søknadsskjema
Til toppen