Frist: 6. Dec

Indre Sogn psykiatrisenter søkjer lege i spesialisering

Indre Sogn psykiatrisenter har ledig vikariat for lege i spesialisering frå mars 2021. For særleg kvalifiserte søkarar som ønskjer å utdanna seg til psykiater er det aktuelt med fast tilsetting.

Indre Sogn psykiatrisenter er eit moderne DPS delt i seksjon Dag og Døgn. Vi held til i vekstkommunen Sogndal, med mange og varierte arbeidsplassar. Kommunen er også kjent for sine bratte fjell og unike natur som er skapt for friluftsliv.

Seksjon Døgn har sengepost, aktivitetseining og ambulant team. Seksjon Dag har mellom anna generell psykiatrisk poliklinikk, TSB team og alderspsykiatrisk team.

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gje til kjenne dette i søknaden.


Arbeidsoppgåver

  • Diagnostisk vurdering/utredning
  • Individual terapi
  • Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
  • Arbeid som LIS ved seksjon Døgn, men det kan og vere aktuelt med arbeid ved seksjon Dag (poliklinikk)
  • Deltaking av bakvaktordning med dei andre legane på senteret


Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Førarkort klasse B (alternativt få førarkort innan rimeleg tid)
  • Må beherske norsk munnlege og skriftleg på nivå med krava til studiekompetanse (tilsvarande Bergenstesten)


Utdanningsretning

  • Medisin


Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium


Personlege eigenskapar

  • Evne til å samarbeide tett og godt med andre
  • Engasjement for faget og pasientgruppa
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø


Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling


Kontaktinformasjon
Øyvin Myrmel, Avdelingssjef, (+47) 415 30 396

 

Søknadsfrist: 06.12.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen