Frist: 6. Dec

Indre Sogn psykiatrisenter søkjer psykologspesialist/ psykolog

Ved seksjon Dag er det ledig faste stillingar som psykologspesialist/ psykolog frå februar 2021 (fleksibel oppstartdato). Det er heile stillingar, men anna stillingsprosent kan avtalast.

Indre Sogn psykiatrisenter er eit moderne DPS delt i seksjon Dag og Døgn. Seksjon Dag har generell psykiatrisk poliklinikk, TSB team, jobbspesialistar, spisskompetanse på levevanar, alderspsykiatri med meir. Seksjon Døgn har 13 senger, ambulant team og aktiviseringseining. Senteret er tverrfagleg bemanna med psykiaterar, legar, psykologspesialistar, psykologar, psykiatriske sjukepleiarar, kliniske sosionomar med meir.

Sogndal Bup er samlokalisert med Indre Sogn psykiatrisenter i Sogndal kommune. Saman utgjer vi eit moderne DPS senter i Sogn. Vertskommunen er mellom anna kjent for sine bratte fjell og unike natur som er skapt for ei aktiv fritid.

Ved seksjon Dag er det ledig faste stillingar som psykologspesialist/psykolog frå februar 2021 (fleksibel oppstartdato). Det er heile stillingar, men anna stillingsprosent kan avtalast.


Arbeidsoppgåver

  • Vurdering, utredning og diagnostisering av pasientar med psykiske lidingar og rusavhengigheit.
  • Primært poliklinisk arbeid, men det kan og bli arbeid på sengeposten etter dei behov avdelinga har.
  • Behandling ut fra den einskilde pasient sine behov.
  • Vi legg vekt på brukermedverknad.
  • Samhandling og samarbeid med aktuelle samarbeidspartar i 1. og 2. linjetenesta
  • Samhandling med pårørende
  • Den eine stillinga vil få som ei av sine oppgåver (ca 50% av stillinga) å vidareutvikle tilbodet i Vik fengsel ilag med ruskonsulent og psykiater som allereie arbeider tett med fengselet.


Kvalifikasjonar

  • Psykologspesialist/ psykolog
  • Psykologar med mellombels lisens kan og søke
  • Klinisk erfaring og/ eller interesse for for arbeid med rusavhengigheit og psykiske lidingar
  • Søkarar utanfor skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Eigenerklæring om vaksinasjon- immunitetstilhøve, tuberkuloseundersøking og MRSA- testing må fyllast ut ved tilsetting.


Utdanningsretning

  • Psykologi


Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium


Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Gode samarbeidsevner
  • Lyst til å utvikle deg saman med oss
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø


Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Gode mulegheiter for fagleg utvikling
  • Engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
  • Trivelig arbeidsmiljø.
  • For ikkje- spesialister vert det lagt tilrette for å fullføre spesialisering


Kontaktinformasjon
Brit Marie Follevåg, Seksjonsleiar, (+47) 576 27 500
Øyvin Helge Myrmel, Avdelingssjef, (+47) 415 30 396

 

 

 

Søknadsfrist: 06.12.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen