Frist: 17. nov.

Indre Sogn psykiatrisenter søkjer seksjonsleiar DPS Døgn

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Indre Sogn psykiatrisenter har ledig stilling som seksjonsleiar ved DPS Døgn frå januar 2020 (anna tidspunkt kan avtalast).

Seksjon Dag har mellom anna generell psykiatrisk poliklinikk, TSB team og alderspsykiatrisk team. Seksjon Døgn har 13 sengeplassar aktiviseringseining og ambulant team.

Indre Sogn psykiatrisenter er eit moderne DPS delt i seksjon Dag og Døgn. Vi held til i vekstkommunen Sogndal med mange og varierte arbeidsplassar. Kommunen er også kjent for sine bratte fjell og unike natur som er skapt for eit aktivt friluftsliv.


Arbeidsoppgåver

  • Einskapleg leiing etter vedtekne mål og strategiar for seksjonen, med fag-, personal og økonomiansvar, og i samsvar med Helse Førde sine prinsipp for leiing
  • Planlegge og vidareutvikle organisering og behandlingstilbod i samsvar med gjeldande lover, forskrifter, avtalar og styringsdokument
  • Samhandle på ein god måte med alle relevante samarbeidspartar internt og eksternt
  • Delta i leiarmøte og bidra til heilskapleg tenking og synergieffektar


Kvalifikasjoar

 
  • Relevant leiarerfaring, det er ønskjeleg med leiarutdanning
  • Helse-/sosialfaglig utdanning
  • Endringskompetanse
  • Erfaring frå psykisk helsearbeid
  • God kjennskap til spesialisthelsetenesta
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt


Personlege eigenskapar

 
  • Du er tydeleg på måla og arbeider aktivt for å nå desse
  • Du motiverer gjennom informasjon, involvering, rettleiing og tilbakemelding
  • Du er utviklingsorientert og legg til rette for kreativitet, kompetanseutvikling og nytenking
  • Du har evne til å be om råd
  • Du har evne til å sjå heilskapsløysingar


Vi tilbyr

 
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling

 

Arbeidsstad: 
Dalavegen 29, 6851 Sogndal

Kontaktinformasjon:
Øyvin Myrmel, Avdelingssjef ISP, 415 30 396
Lill Juvik, Seksjonsleiar DPS Døgn, 576 27 543

 
Søknadsfrist: 17.11.2019
 
Gå til søknadsskjema
Til toppen