Frist: 3. nov.

Indre Sogn psykiatrisenter søkjer seksjonsleiar og psykologspesialist/psykolog

Indre Sogn psykiatrisenter er eit moderne DPS delt i seksjon Dag og Døgn. Vertskommunen er Sogndal, med mange og varierte arbeidsplassar. Kommunen er også kjent for sine bratte fjell og unike natur som er skapt for ei aktiv fritid.

Seksjon Døgn har 13 sengeplassar, godt kompetente miljøterapeutar, psykiater, lege og psykologspesialist knytt til posten. Seksjon Dag har ambulant team, generell psykiatrisk poliklinikk, TSB team, jobbspesialistar, spisskompetanse på levevanar, alderspsykiatri med meir. Seksjonen er tverrfagleg bemanna med mellom anna psykiater, lege, psykologspesialistar, psykologar, psykiatriske sjukepleiarar, kliniske sosionomar med meir.

 

Seksjonsleiar, seksjon Dag

Indre Sogn psykiatrisenter søker etter seksjonsleiar ved Seksjon Dag frå januar 2020.

Arbeidsoppgåver

  • Leie personalet på ein god og klok måte i samsvar med Helse Førde sine rutinar
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Delta i senteret si leiargruppe
  • Planlegge og vidareutvikle organisasjonen og behandlingstilbodet som blir gjeve ved senteret
  • Eige klinisk arbeid

Kvalifikasjonar

  • Relevant leiarerfaring er ein føremon
  • Det er ønskeleg med leiarutdanning
  • Helse/sosial/psykolog/psykiatri utdanning
  • Erfaring frå psykisk helsearbeid
  • Gode språkkunnskapar. Ikkje nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne bidra til å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Du motiverer gjennom informasjon, involvering, rettleiing og konstruktive tilbakemeldingar
  • Du er utviklingsorientert
  • Du er tydeleg på mål og arbeider aktivt for å nå desse


Vi tilbyr

  • Løn etter kvalifikasjonar og avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Leiaropplæring
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmijø


Kontaktinformasjon: Øyvin Helge Myrmel, Konstituert avdelingssjef, 415 30 396

Arbeidsstad: Dalavegen 29, 6856 Sogndal
Arbeidsgivar: Helse Førde, 100% fra 01.01.2020.

Søk på stillinga: Klikk her

 

Psykologspesialist/Psykolog

Ved seksjon Dag er det ledig fast stilling som psykologspesialist/psykolog frå januar 2020 (fleksibel oppstartdato).

Arbeidsoppgåver

  • Vurdering, utredning og diagnostisering av pasientar med psykiske lidingar og rusavhengigheit.
  • Primært poliklinisk arbeid, men det kan og bli arbeid på sengeposten etter dei behov avdelinga har.
  • Behandling ut fra den einskilde pasient sine behov.
  • Vi legg vekt på brukermedverknad.
  • Samhandling og samarbeid med aktuelle samarbeidspartar i 1. og 2. linjetenesta
  • Samhandling med pårørende


Kvalifikasjonar

  • Psykologspesialist/ psykolog
  • Psykologar med mellombels lisens kan og søke
  • Klinisk erfaring og/ eller interesse for for arbeid med rusavhengigheit og psykiske lidingar
  • Førarkort klasse B
  • Søkarar utanfor skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Eigenerklæring om vaksinasjon- immunitetstilhøve, tuberkuloseundersøking og MRSA- testing må fyllast ut ved tilsetting.


Utdanning

  • Psykologi


Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium


Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Gode samarbeidsevner
  • Lyst til å utvikle deg saman med oss
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø


Language

  • Norsk


Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Gode mulegheiter for fagleg utvikling
  • Engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
  • Trivelig arbeidsmiljø.
  • For ikkje- spesialister vert det lagt tilrette for å fullføre spesialisering

 

Kontaktinformasjon: 
Øyvin Helge Myrmel, Konstituert avdelingssjef, 415 30 396
Mali Strand, Konstituert seksjonsleiar, 576 27 500

Arbeidsstad: Dalavegen 29, 6856 Sogndal
Arbeidsgivar: Helse Førde, 100% (fleksibel oppstart)

Søk på stillinga:Klikk her

 

 

Gå til søknadsskjema
Til toppen