Frist: 5. jan.

Innovasjonssenter treng skarpe hjernar - prosjektleiar/teknolog

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Me ser etter deg som blir trigga av nyskaping, teknologi, robotisering, kunstig intelligens og miljø - og samtidig ynskjer ein fleksibel arbeidsdag.

Prosjekta skal ruste næringslivet for industri 4.0. Du sit i eit innovasjonssenter som tek imot problemstillingar frå fleire ulike bedrifter; frå aluminium til solceller, frå bedrifter i regionen og elles i verda. Dine tankar og innspel står i sentrum for å finne dei riktige svara. 

Tidsperspektiv og tema for prosjekta vil variere. I samarbeid med forskjellige miljø, bedrifter og forskingsinstitusjonar, kan det vere at du lagar ei maskin for den internasjonale aluminiumsindustrien. Neste gong utviklar du kanskje måleutstyr eller ein robot som skal plukke wafers

Image and video hosting by TinyPic

Lokasjonen er Årdal, inst i Sognefjorden. Midt i ein godtepose av naturmoglegheiter like utanfor døra. Gløym langdrygt planlegging og mange timar i bil for å komme til fjells. Her rekk du ettermiddagsturar til 2000-toppane i Hurrungane etter endt arbeidsdag. Eller kanskje kjem du rett ifrå kajakktur, før du tek dagens første kaffikopp. Området tilbyr eit breitt tilbod både før og etter jobb.

 

ØNSKJA KVALIFIKASJONAR OG BAKGRUNN:

Vi har prosjekt som spenner vidt. Dette gjer at ulike fagretningar, utdanningar og utdanningsnivå er interessante.

  • teknologisk utdanning innan industrielle fagområder, fortrinnsvis innan kybernetikk, automasjon, fysikk-matematikk, kjemi, material, maskin eller IT
  • erfaring med prosjektleiing
  • erfaring frå industri

ANSVAR OG OPPGAVER:

  • leie prosjekt og bidra med kreative og innovative løysingar
  • vere ein tydeleg og samlande ressurs i oppbygginga av Sitep

VI SØKJER DEG SOM:

  • har gode samarbeidsevner
  • blir motivert av å lukkast gjennom andre
  • er sjølvgåande, nøyaktig og strukturert
  • er samlande og trivast med å jobbe i lag med andre
  • blir trigga av tanken på å bygge opp noko frå botnen

VI TILBYR:

  • moglegheit til å forme og bygge opp eit innovasjonssenter for industri 4.0
  • ei stilling der du får nytta kreativiteten din
  • ein fleksibel arbeidskvardag
  • varierte prosjekt på tvers av bransjar
  • samarbeid med sterke fagmiljø
  • konkurransedyktig løn og pensjon, forsikring og personalordningar

 

For meir info, kontakt Frank Øvstetunfrank.ovstetun@sitep.no / 918 06 710. Eller Knut Skårknut.skar@sitep.no

 

Gå til søknadsskjema
Til toppen