Frist: 31. Mar
Fjelltur til Bøttejuvet med utsikt over Øvre Årdal. (Foto: Atle Rønningen)

Fast 100% stilling som journalist i Porten.no - eit heildigitalt mediehus i Sogn

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Vil du vera med på å bygga ei heildigital avis i Sogn? Me leitar etter deg som har konkurranseinstinkt, journalistisk teft og evne til å vidareutvikla det redaksjonelle arbeidet i Porten.no.

Porten.no er ei lokal nettavis i vekst, med etableringar i Indre og Ytre Sogn. Du blir ein nøkkelperson i eit ungt og engasjert arbeidsmiljø som utviklar nettavisa vidare.

Hos oss er det kort veg mellom idé og realisering: me er alltid interesserte i å teste nye konsept som kan heve produktet. 

Hovudkontoret i Årdal er plassert like ved eit mylder av naturmoglegheiter, anten du likar toppturar og pudder, kajakkpadling, fjellklatring, elvefiske eller luftsport.

 

Ansvar og oppgåver: 

Ut ifrå kontoret i Årdal, vil du produsera og utvikla det redaksjonelle arbeidet i Sogn, med hovedfokus på kommunane Årdal, Lærdal og Aurland. Her er det viktig å:

  • bygge nettverk innan politikk, næringsliv og lokalsamfunnet elles 
  • stille førebudd til kvar vakt med eigne idear
  • oppsøke nyheiter utanfor kontoret og jakte dei gode historiane

Ynskja kvalifikasjonar og bakgrunn: 

  • Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis innan journalistikk eller andre samfunnsområde, som økonomi, samanliknande politikk, o.l.
  • Erfaring med å dekke politikk og næringsliv
  • Oppdatert på utviklinga i norsk presse, både journalistfagleg og teknologisk
  • God etisk vurderingsevne
  • Erfaring med digitale plattformer, gjerne også video
  • Porten.no er ei nynorskavis, og vår nye journalist må vera trygg på å skriva nynorsk

Me søkjer deg som:

  • Har ambisjonar som journalist
  • Er «svolten», jobbar raskt og trivest i eit hektisk miljø 
  • Held fokus sjølv om det er mange ballar i lufta 
  • Jobbar godt aleine og i team 
  • Er samfunnsengasjert, nysgjerrig og oppteken av resultat og kvalitet

Me tilbyr:

  • Ein sjanse til å vera med å byggja ei heildigital lokalavis
  • Ei viktig rolle i eit framtidsretta miljø prega av kreativitet og fleksibilitet
  • Konkurransedyktig løn og pensjon, forsikring og personalordningar
  • Fast stilling i 100%

 

For meir informasjon, ta kontakt med dagleg leiar og redaktør, Synne Asheim Haga, tlf. +47 975 46 895 eller synne@porten.no.

Send CV og søknad snarast. Legg ved attestar og vitnemål, gjerne også døme på saker og reportasjar. Søknader blir behandla fortløpande. 

Oppstart: etter avtale.

Gå til søknadsskjema
Til toppen