Frist: 17. feb.
(Foto: Vegar Wathne Boyum)

Jobb som selgar i Porten.no - eit mediehus i vekst

Vil du vera med på å styrka vår posisjon som heildigital lokalavis i vakre omgjevnader i Indre Sogn? Me leitar etter deg som har konkurranseinstinkt og evne til å vera med og vidareutvikla vårt kommersielle arbeid i Porten.no.

Porten.no utvidar. Som selgar hos oss vil du få sjansen til å vera med og utvikla den kommersielle portefølgjen vidare. Du vil bli ein nøkkelperson i eit ungt og engasjert arbeidsmiljø.

Våre hovudprodukt er content marketing og konsultasjon innan digital strategi. I tillegg tilbyr me bannerannonsering, stillingspakkar og andre måtar å syne fram bedrifter og hendingar på. Mykje av arbeidsveka vil foregå på reis til kundar rundt om i regionen. 

Kontora i Årdal og Sogndal er plassert midt i ein godtepose av naturmoglegheiter, anten du likar toppturar og pudder, kajakkpadling, fjellklatring, elvefiske eller luftsport. 

Image and video hosting by TinyPic 

 

ØNSKJA KVALIFIKASJONAR OG BAKGRUNN:

Me har skissert nokre stikkord på kven me ser for oss at stillinga passar for. Om du ikkje kan huke av alt, men er trigga av utfordringa, oppmodar me deg om å søke. Indre engasjement og iver veg tungt. 

  • erfaring med salg og leiing av kundeprosessar
  • relevant utdanning
  • førarkort klasse B

ANSVAR OG OPPGAVER:

  • aktiv rolle med å bygge kundeportefølgje
  • delegere oppgåver for produksjon av innhald 
  • levere statusrapportar jamleg til dagleg leiar
  • marknadsføre og vidareutvikle Porten.no sine kommersielle produkt og tenester
  • vere ein samlande ressurs i oppbygginga av mediehuset

VI SØKJER DEG SOM:

  • er ambisiøs og blir motivert av tal
  • har konkurranseinstinkt og gode samarbeidsevner
  • er sjølvgåande og strukturert
  • handterer stress og trivast i fartsfylt miljø 
  • blir trigga av tanken på å vere med å vidareutvikle eit ferskt mediehus i vekst

VI TILBYR:

  • ungt og kreativt arbeidsmiljø
  • ein fleksibel arbeidskvardag
  • moglegheit til å forme og bygge opp eit innovativt mediehus 
  • konkurransedyktig løn og pensjon, forsikring og personalordningar

 

Oppstart: snarast. 

Spørsmål og meir info, kontakt dagleg leiar og redaktør Synne Asheim Haga: 975 46 895 / synne@porten.no 

Gå til søknadsskjema
Til toppen