Frist: Snarest
(Foto: Marita Myklebust Tonning)

Jobb som selgar i Porten.no - eit mediehus i vekst

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Vil du vera med på å bygga ei heildigital lokalavis i Ytre Sogn? Me leitar etter deg som har konkurranseinstinkt og evne til å vera med og vidareutvikla vårt kommersielle arbeid i Porten.no.

Porten.no utvidar; me etablerer no ei nettavis i Ytre Sogn. Som selgar hos oss, vil du vera med og utvikla den kommersielle portefølgjen vidare. Du blir ein nøkkelperson i eit ungt og engasjert miljø som utviklar plattformen i Ytre Sogn frå start.

Våre hovudprodukt er content marketing og konsultasjon innan digital strategi. I tillegg tilbyr me bannerannonsering, stillingspakkar og andre måtar å syne fram bedrifter og hendingar på. Mykje av arbeidsveka vil foregå på reis til kundar rundt om i regionen. 

Kontoret er plassert midt i ein godtepose av naturmoglegheiter, anten du likar toppturar og pudder, kajakkpadling, fjellklatring, elvefiske eller luftsport. 

Image and video hosting by TinyPic 

 

ØNSKJA KVALIFIKASJONAR OG BAKGRUNN:

Me har skissert nokre stikkord på kven me ser for oss at stillinga passar for. Om du ikkje kan huke av alt, men er trigga av utfordringa, oppmodar me deg om å søke. Indre engasjement og iver veg tungt. 

  • erfaring med salg og leiing av kundeprosessar
  • relevant utdanning
  • førarkort klasse B

ANSVAR OG OPPGAVER:

  • aktiv rolle med å bygge kundeportefølgje
  • delegere oppgåver for produksjon av innhald 
  • levere statusrapportar jamleg til dagleg leiar
  • marknadsføre og vidareutvikle Porten.no sine kommersielle produkt og tenester
  • vere ein samlande ressurs i oppbygginga av mediehuset

VI SØKJER DEG SOM:

  • er ambisiøs og blir motivert av tal
  • har konkurranseinstinkt og gode samarbeidsevner
  • er sjølvgåande og strukturert
  • handterer stress og trivast i fartsfylt miljø 
  • blir trigga av tanken på å vere med å vidareutvikle eit ferskt mediehus i vekst

VI TILBYR:

  • ungt og kreativt arbeidsmiljø
  • ein fleksibel arbeidskvardag
  • moglegheit til å forme og bygge opp eit innovativt mediehus 
  • konkurransedyktig løn og pensjon, forsikring og personalordningar 

For meir informasjon, ta kontakt med dagleg leiar og redaktør, Synne Asheim Haga, tlf. +47 975 46 895 eller synne@porten.no

Send CV og søknad snarast. Legg ved attestar og vitnemål. Søknader blir behandla fortløpande. 

Oppstart: snarast/ etter avtale.

Gå til søknadsskjema
Til toppen