Frist: Snarest
(Foto: Synne Asheim Haga)

Nettavisa Porten.no søker selgar og journalistar

Vil du vera med på å styrka vår posisjon som heildigital lokalavis i Sogn? Me leiter etter ambisiøse personar som vil vera med å løfta Porten.no.

Porten.no er ei lokal nettavis i vekst, med etableringar i Indre og Ytre Sogn. Du blir ein nøkkelperson i eit ungt og engasjert arbeidsmiljø som utvikler nettavisa vidare.

Regionen er eit mekka for friluftsinteresserte: moglegheiter for kajakking i Sognefjorden, eller turar på 2000-toppar, er like utanfor døra. 

Me har skissert nokre stikkord på kven me ser for oss. Om du ikkje kan huke av alt, men er trigga av utfordringane, oppmodar me deg om å søke. Indre engasjement og iver veg tungt. 

Journalist
Porten.no vil vere leiande på dei viktigaste nyheitene. Me er derfor på jakt etter journalistar som kan sette dagsorden med eigne saker, finne snakkisane og drive debatten framover. Me ser etter:

  • journalist til eit vikariat i Indre Sogn, med base i Årdal. Vikariatet er på eit halvt år med moglegheit for forlenging og fast tilsettelse.
  • tilkallingsvikarar som held til i Sogn eller har tilknytning til området. Søker til avdelinga i både Indre og Ytre.

Du...

  • Er sjølvstendig, språksikker og trivast i eit hektisk og kreativt miljø
  • Har relevant høgare utdanning, fortrinnsvis innan journalistikk eller relevante samfunnsområde
  • Har journalistisk erfaring og gode etiske vurderingsevner
  • Er oppdatert på utviklinga i norsk presse, både journalistfagleg og teknologisk
  • Er samfunnsengasjert
  • Skriv nynorsk

 

Selgar
Me ser etter deg som er resultatorientert, analytisk og strategisk til avdelinga vår i Ytre Sogn. Du har relevant utdanning og erfaring med salg og kundeprosessar.

Ansvar og oppgåver

  • aktiv rolle med å bygge kundeportefølgje
  • delegere oppgåver for produksjon av innhald 
  • levere statusrapportar jamleg til dagleg leiar
  • marknadsføre og vidareutvikle Porten.no sine kommersielle produkt og tenester
  • vere ein samlande ressurs i oppbygginga av mediehuset

Du...

  • er ambisiøs og blir motivert av tal
  • har konkurranseinstinkt og gode samarbeidsevner
  • er sjølvgåande og strukturert
  • handterer stress og trivast i fartsfylt miljø 
  • blir trigga av tanken på å vere med og vidareutvikle eit ferskt mediehus i vekst

 

Til alle rollene tilbyr vi:

  • Ein sjeldan sjanse til å vera med å vidareutvikle ei heildigital lokalavis
  • Eit framtidsretta miljø prega av kreativitet og fleksibilitet

  

For meir info, kontakt redaktør og dagleg leiar Synne Asheim Haga: synne@porten.no / 975 46 895.

Send CV og søknad snarast. Merk mailen med «søknad». Legg ved attestar og vitnemål. Søknader blir behandla fortløpande. 

Oppstart: Snarast/etter avtale.

Gå til søknadsskjema
Til toppen