Frist: 5. Apr

Kaupanger skule har ledige lærarvikariat

Ledige stillingar som lærar 2020/2021 – Kaupanger skule

Kaupanger skule ligg sentralt på Kaupanger, om lag ei mil frå Sogndal sentrum. Skulen er ein 1-10 skule, og har i dag 198 elevar og 34 tilsette. Kaupanger skule ligg fint til i furuskogen på Kaupanger. På Kaupanger skule jobbar tilsette, elevar og føresette for at alle skal ha det trygt og godt, der skulen skal vere ein god stad for trivsel, utvikling og læring.
For meir informasjon om skulen finn de på: www.kaupanger.skule.no 

Det er for skuleåret 2020/2021 (01.08.2020 - 31.07.2021) ledig til saman 200% lærarvikariat for undervisning i 1. – 10 . klasse (1 - 7 og 5-10 ) ved skulen + evt andre lærarstillingar som vert ledig fram mot skulestart.


Arbeidsoppgåver:
Undervisning på ulike klassesteg på skulen og utføre oppgåver i tråd med gjeldande regleverk.


Sentrale ansvarsområde:

  • Undervisning
  • Oppfølging av einskildelevar


Kvalifikasjonar:
Må ha kvalifikasjonar som tilfredsstiller kompetansekrava for å undervise i 1.-7. og 5.-10. klasse og eit sterkt ynskje om spesialpedagogisk utdanning (minimum 30 stp.)
Personlege eigenskapar, og relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt

Spesifiser óg i søknaden kva fag du har teke som del av utdanninga.


Personlege eigenskapar:

  • Samarbeidsfokusert, positiv, løysingsorientert, evne til sjølvstendig arbeid og glad i nye utfordringar.


Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Treningsmoglegheiter
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver


Kun søknadar mottekne innan frist og levert via Easycruit vert tekne i betraktning.

Kontaktperson for stillinga er Kjell Ertesvåg, tenesteleiar/rektor, tlf: 57628900, mobil: 90835333, kjell.ertesvag@sogndal.kommune.no.

 

Søknadsfrist: 05.04.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen