Stillingen er satt passiv.
Ledige stillingar som lærar 2020/2021 - Kvåle skule
Kvåle skule er ein 6-10 skule med 3 parallellar på kvart trinn og omlag 370 elevar fordelt på 15 klassar. Det er 45 tilsetteved skulen. Skulebygga er ei blanding av nye og gamle bygg, med eit flott og variert uteareal. Skulen ligg sentralt i kommunesenteret Sogndal. Skulen satsar på dagleg fysisk aktivitet, og for å få dette til er elevtida pr. skuledag utvida. Me satsar og på digitalisering i undervisninga og har IKT som satsingsområde.. Av utviklingsarbeid vil vi nemne :Internasjonalt arbeid (Comenius), fagfornyinga og vurdering for læring. I det pedagogiske arbeidet vårt vektlegg vi mellom anna klasseleiing som eit pedagogisk verktøy. Skulen er teambasert og i visjonen vår peikar vi på verdien av trygge og aktive elevar som opplever meistringsglede.
Sjå heimeside: www.kvaale.skule.no.
Stillingsinformasjon
Det er for skuleåret 2020/2021 (01.08.2020 - 31.07.2021) ledige vikariat på ca 300 % som grunnskulelærar. Det kan evt bli andre ledige stillingar også.
Arbeidsoppgåver:
Undervisning i spennet frå 6. til 10. klasse.
Oppgåver innanfor spes.ped
Evt. oppgåver som kontaktlærar
Sentrale ansvarsområde:
Undervisning i spennet frå 6. til 10. klasse.
Oppgåver innanfor spes.ped
Evt oppgåver som kontaktlærar
Samarbeid på team og trinn
Utviklingsarbeid som skulen legg til rette for
Kvalifikasjonar:
Søkjar må ha utdanning som stettar kravet i Opplæringslova § 14 for å bli tilsett i undervisningsstilling. Opplæringslova gjev likevel opning for at dersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar etter Opplæringslova, kan vi tilsetje personar utan godkjent utdanning i vikariat/mellombles stilling(ar). Det vil vere behov for søkjarar som har grunnskuleutdanning 1. - 7. trinn så vel som grunnskulelærarutdanning 5. - 10. trinn. Undervisningskompetanse i eitt eller fleire av basisfaga er ønskjeleg – då særleg engelsk og matematikk. Undervisningskompetanse i andre fag som t.d. musikk og IKT/programmering er og ønskeleg..
Personlege eigenskapar og relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt.
Spesifiser i søknaden kva fag du har teke som del av utdanninga.
Personlege eigenskapar:
Me vil gjerne ha tilsette som i høg grad kan jobbe sjølvstendig, men samstundes vere dyktige på å samarbeide og på å jobbe i team. Me set og det digitale i kvardagen høgt, og ynskjer gode ferdigheiter her. Den tilsette må og vere budd på dagar med høgt tempo i ein travel kvardag.
Me tilbyr:
Kun søknadar mottekne innan frist og levert via Easycruit vert tekne i betraktning.
Kontaktperson for stillinga er:
Kjetil Sønnesyn, Tenesteleiar, tlf: 57 67 90 42, mobil: 905 59 816, kjetil.sonnesyn@sogndal.kommune.no.
Søknadsfrist: 05.04.2020