Frist: 5. Apr
(Foto: Bjørn Erik Pedersen)

Kvåle skule søkjer miljørettleiar

Kvåle skule er ein 6-10 skule med 3 parallellar på kvart trinn og omlag 370 elevar fordelt på 15 klassar. Det er 45 tilsetteved skulen. Skulebygga er ei blanding av nye og gamle bygg, med eit flott og variert uteareal. Skulen ligg sentralt i kommunesenteret Sogndal. Skulen satsar på dagleg fysisk aktivitet, og for å få dette til er elevtida pr. skuledag utvida. Me satsar og på digitalisering i undervisninga og har IKT som satsingsområde. Av utviklingsarbeid vil vi nemne; Internasjonalt arbeid (Comenius), fagfornyinga og vurdering for læring. I det pedagogiske arbeidet vårt vektlegg vi mellom anna klasseleiing som eit pedagogisk verktøy. Skulen er teambasert og i visjonen vår peikar vi på verdien av trygge og aktive elevar som opplever meistringsglede.
Sjå heimeside: www.kvaale.skule.no


Stillingsinformasjon
Det kan bli ledig inntil ca. 80 % vikariat som miljørettleiar i tida 15.08.2020 - 31.12.2020. Vikariatet kan bli forlenga i skuleåret
Evt. andre stillingar som måtte bli ledig fram til skulestart.


Arbeidsoppgåver:

  • Arbeid med elev(ar)/grupper som treng ekstra tilrettelegging og oppfylging
  • Samarbeid med lærarar, føresette og andre instansar som følgjer opp eleven


Krav til kompetanse:
Vi søkjer primært etter personar med høgskuleutdanning som gjev tittelen miljørettleiar/miljøterapeut, samstundes som vi ønskjer eit vidtfemnande personale med ulik bakgrunn og kompetanse.

Personlege eigenskapar vil verte tillagt stor vekt.


Spesielle vilkår for stillinga:
Det vert stilt krav om politiattest av nyare dato.


Andre opplysningar:
Alle søkjarar må skrive mobilnummer i feltet "Telefon/Mobil privat" i den elektroniske søknaden.


Vi tilbyr

  • Løn etter avtaleverket.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Treningstilbod.
  • Ein god arbeidsplass med flinke og engasjerte medarbeidarar i eit godt arbeidsmiljø.

 

Kontaktperson:
Kjetil Sønnesyn, Tenesteleiar, tlf: 57 67 90 42, mobil: 905 59 816, kjetil.sonnesyn@sogndal.kommune.no.

 

Søknadsfrist: 05.04.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen