Frist: 11. Apr

Lærdal kommune søkjer fagkoordinator - pleie og omsorg

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Me har ledig ei nyoppretta stilling som fagkoordinator i 100 % stilling i pleie og omsorg.

Føremålet med stilinga er å bistå avdelingane HBO (heimebasert omsorg) og LBO (Lærdal bu og omsorgsheim) med å sikre koordinerte gode pasientforløp, ved å sikre heilheit og samaheng, samt legge til rette for at arbeidet vert gjennomført på ein fagleg forsvarleg måte.

Stillinga er på dagtid, men arbeid kvar tredje helg.

Fagkoordinator er organisert direkte under ass.leiar. Fagkoordinator har ikkje økonomi- eller personalansvar. Kan delegerast mynde til økonomiske disposjonar delegert frå leiar.


Arbeidsoppgåver

  • Logistikkansvar for dei daglege oppgåvene i drifta, herunder oppgåver knytt til medikamenthandtering, varelager og medisinsk utstyr
  • Prioritere og delegere oppgåver i den daglege drifta
  • Koordinere pasient-/ brukarforløp i tenesta gjennom tverrfagleg samarbeid
  • Koordinere samarbeidet med pårørande og primærkontaktar
  • Delta i fagleg samarbeid på tvers av eininga
  • Fagleg opplæring og veiledning internt
  • Bistå i fagleg utviklingsarbeid
  • Sakshandsaming
  • Fagansvar for oppdatering og utvikling av eininga sine prosedyrer
  • Ressursperson for Gerica og andre fagsystem ( Sampro, Net Nordic)
  • Stillinga bør kunne handtere fråver og innleige


Kvalifikasjonar

  • Treårig helse-, og/eller sosialfagleg utdanning.
  • God sjukepleiefagleg komptanse
  • God kjennskap til helselovgivninga
  • God skrftleg og munnleg framstillingsevne
  • Positiv innstilling og løysningsorientert


Lønnsvilkår

  • Lønn etter avtale
  • 2% pensjonsinnbetaling KLP


Send søknaden via

Lærdal kommune si heimeside; www.laerdal.kommune.no under fana "ledige stillingar".

Gå til søknadsskjema
Til toppen