Frist: 11. des.

Lærdal kommune søkjer konsulent ved skatteoppkrevjarkontoret

Lærdal kommune har ledig 100 % fast stilling som konsulent ved skatteoppkrevjarkontoret.

Ansvar og arbeidsoppgåver:

  • Innfordring av skatt
  • Føring i skatterekneskapen
  • Veiledning og informasjon til skatteytarane
  • Rapportering
  • Arbeidsgjevarkontroll
  • Sakshandsaming

Kvalifikasjonskrav til søkjar:

  • Relevant høgare utdanning, helst bachelor i Økonomi og administrasjon eller tilsvarande
  • Relevant arbeidserfaring er ein fordel og vil kunne kompensere for formell utdanning
  • Evne til å arbeide målretta og strukturert
  • God rekneskapsforståing og gode IT kunnskapar
  • Erfaring med arbeidsgjevarkontroll vil telje positivt
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Me kan tilby:

  • Me kan tilby eit godt arbeidsmiljø, personleg utviking og faglege utfordringar.
  • Kommunen har fleksibel arbeidstid og gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn etter avtale.

Personlege eigenskapar:

  • Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

For meir informasjon, kontakt Lars Bogstad, Skatteoppkrevjar, tlf: 40441880, lars.bogstad@laerdal.kommune.no

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteke dersom de har fylt ut rett epostadresse i søknaden. I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal gjerast offentleg. Dette må grunngjevast.

Vi gjer merksam på at søknader likevel kan verte offentleggjorte Jfr. Offentleglova §25. Du vil då verte varsla på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Gå til søknadsskjema
Til toppen