100 % stilling som næringsrådgjevar. Stillinga er plassert i rådmannen sin stab, og kontorstad er rådhuset.
Næringsrådgjevar vil jobbe i eit tverrfagleg miljø og nært opp til medarbeidarar ved ulike avdelingar som landbruk, plan, klima, teknisk og kultur. Den som vert tilsett vil ha eit tett samarbeid med ordførar/politisk leiing.
Arbeidsoppgåver
- Vere kontaktledd mellom næringslivet og kommunen
- Profilere og marknadsføre kommunen som ein attraktiv stad
- Delta aktivt i regionale næringsnettverk
- Vere aktiv i samband med kommunen si satsing på grøn omstilling for næringslivet
- Arrangere nettverkssamlingar lokalt
- Sakshandsaming etter vedtekter for nærings- og konsesjonsfondet
- Medverke for tilrettelegging av næringsareal og infrastruktur for næringslivet
- Medverke i kommunale planprosessar
- Vere kommunen sitt kontaktpunkt og koordinator opp mot større arrangement i Lærdal, og handsame søknader om arrangementstøtte
- Vera støttespelar og yta rådgjeving til næringslivet i Lærdal t.d.:
- Vera samtalepartnar ved nye idear
- Gjera marknadsundersøking og sette opp forretningsplan og budsjett
- Utarbeida søknad om finansiering til bank, nærings- og konsesjonsavgiftsfondet og statlege støtteordningar
Kompetansekrav
- Relevant høgskule eller universitetsutdanning
- Relevant arbeidserfaring
- Gode evne til samarbeid og dialog
- Vere strategisk og løysingsorientert
- God munnleg og skriftleg framstilingsevne
Me kan tilby
- Løn etter avtale
- Pensjonsordning i KLP med 2 % innbetaling
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Kollega med høg kompetanse og tverrfaglegheit
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
Send søknaden via Lærdal kommune si heimeside; www.laerdal.kommune.no under fana "ledige stillingar".
Kontaktperson
Gunn Lerøy, Rådmann, tlf: 45211775, gunn.leroy@laerdal.kommune.no
Audun Mo, mobil: 99205006, audun.mo@laerdal.kommune.no
Søknadsfrist: 01.02.2021