Stillinga er ledig frå 01.01.2018 og inngår som del av rådmannen si leiargruppe.
Føremålet med stillinga er å ivareta organisasjonen sitt behov for organisasjon- og personalutvikling, og den daglege styringa av rådmannen sin stab.
Krav til/ønskje om utdanning/praksis
- Utdanning/praksis i leiing/administrasjon, personalutvikling og -handtering. God IKT-kunnskap er naudsynt.
Sentrale arbeidsoppgåver
- Organisasjon-, personal- og tenestutvikling
- Samordning på tvers i organisasjonen
- Arbeidsgjevarspørsmål, avtaleverk og lønnsforhandlingar
- Rekruttering, opplæring og kompetanseutvikling
- HMT-arbeid
- Sakshandsaming og støtte til utval
Me ønskjer ein leiar som
- har kunnskap om og interesse for personal- og organisasjonsutvikling
- har gode leiareigenskapar, er tydeleg, inkluderande og kan bygge gode og trygge relasjonar
- kan utvikle og vedlikehalda eit godt fag- og arbeidsmiljø
- kan motivere og engasjere og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- har ei positiv og problemløysande innstilling
- har lyst og vilje til å arbeide i ein hektisk, krevjande og givande kvardag
- er målretta og resultatorientert
Lønsvilkår
- løn etter avtale
- pensjonsordning i KLP
For meir informasjon om stillinga, kontakt rådmann Alf Olsen på alf.olsen@laerdal.kommune.no eller 975 39 292, eller leiar organisasjon og personal, Reni Herland, på reni.herland@laerdal.kommune.no og 958 99 021.