Frist: 20. Feb

Lærdal kommune søkjer Rådmann

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Då rådmannen vår har fått ny stilling i annan kommune søkjer me etter etterfølgjaren hans.

Du skal leia ein organisasjon med omlag 270 tilsette. Kommunen er organisert etter ein tonivåmodell, med i alt 13 tenesteeiningar, i tillegg til ein stab- og støttefunksjon.

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning.
  • God økonomiforståing.
  • Gode dokumenterte leiareigenskapar og relevant leiarerfaring frå offentleg eller privat sektor.
  • Gode evner til å kommunisera og til lagbygging.

 

Personlege eigenskapar

Du må vera tydeleg og handlekraftig, men og omgjengeleg og inkluderande. Du må kunne lytta, motivera og vera løysingsorientert.

 

Me kan tilby

  • Høgt fagleg nivå på tenestene, og eit kreativt og utviklande arbeidsmiljø.
  • Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår og ei gunstig pensjonsordning.
  • IA-bedrift med godt tilrettelagde ordningar.
  • Hjelp til å skaffa bustad.

 

Send søknaden til
Alle søkjarar skal nytta det elektroniske søkjeskjemaet som de finn på heimesida vår www.laerdal.kommune.no.

 

Kontaktperson 
Audun Mo, tlf. 992 05 006, audun.mo@laerdal.kommune.no.

 

Søknadsfrist: 20.02.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen