I samband med nye oppgåver knytt til kommunal landbruksforvaltning er det no ledig 50% fast stilling som sakshandsamar.
Kommunane Årdal, Lærdal og Aurland har felles landbruksforvaltning. Lærdal kommune er vertskommune, og landbrukskontoret har kontorplass på Lærdal rådhus. Kontoret har 3 faste stillingar. Lærdal kommune har arbeidsgjevaransvaret for stillinga, og landbrukssjefen er næraste overordna for dei tilsette.
Arbeidsoppgåver
- Tilskotsforvaltning for mellom anna Verdsarvmidlar, Utvalde kulturlandskap og SMIL-midlar
- Kommunal sakshandsaming
- Rådgjeving og informasjonsarbeid
- Plan- og strategiarbeid
Kompetansekrav
- Relevant høgare utdanning. Kompetanse innan jus og økonomi er ønskjeleg
- Realkompetanse og landbruksfagleg kompetanse vert vektlagt
- Du må gjerne ha erfaring frå arbeid i offentleg forvaltning
Personlege eigenskapar
- God skriftleg og munnleg framstilling
- Kunne arbeide sjølvstendig
- At du er fleksibel og initiativrik
- At du er god på å samarbeide, samt arbeider sjølvstendig
- At du kommuniserer godt med kollega og publikum
Du må disponere eigen bil.
Administrasjonsspråket er nynorsk.
Me kan tilby
- Eit godt og breitt fagmiljø
- Spanande, sjølvstendig og utviklande arbeid som er viktig for kommunane
- Løn etter avtale
- Pensjonsordning i KLP med 2% innbetaling
- Tilsetjing etter vanlege kommunale vilkår