Frist: 19. Feb

Lærdal kommune søkjer to sjukepleiarar

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

2 ledige stillingar ved Sogn Lokalmedisinske senter - Lærdal

Sogn lokalmedisinske senter (Sogn LMS) driftar legevakt og kommunale akutte døgnplassar (KAD) for tre kommunar, og legevaktsentral for seks kommunar i Indre Sogn.

Sogn LMS er lokalisert på Lærdal sjukehus og samarbeider tett med spesialisthelsetenesta. Eininga er organisert med omlag 11,75 årsverk fordelt på dei ulike funksjonsområda.

Kommuneoverlege og psykolog er tilsett ved eininga og er delt mellom tre kommunar.

Lærdal kommune er vertskommune og har arbeidsgjevaransvar for dei tilsette.


Me har ledig
Me har ledige 2 faste stillingar som sjukepleiarar frå 1. mars 2021. Anna relevant helsefagleg utdanning på bachelornivå kan og søkje stillingane.

Den eine stillinga er 100 % i 3-delt turnus, med arbeid langvakter kvar 4. helg. Den andre stillinga er 80 % nattevaktsstilling, med mogelegheit for 100 % stilling, med arbeid kvar 4. helg

 

Kvalifikasjonskrav til søkjar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar, eller anna relevant helsefagleg utdanning på bachelornivå
  • Erfaring frå legevakt eller anna relevant arbeid er ein fordel
  • Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner i norsk og engelsk
  • Kan arbeide sjølvstendig og effektivt i eit hektisk arbeidsmiljø
  • Løysingsorientert
  • Fleksibel og god arbeidsmoral
  • Erfaring med bruk av digitale verktøy
  • Personlege eigenskapar vert vektlagde

Me oppmodar studentar på siste studieåret til å søkje.

 

Arbeidsoppgåver

  • Mottak og hastegradsvurdering av pasientar på legevakt
  • Rådgjeving og rettleiing på legevaktstelefon
  • Bistå legevaktslege i undersøkingar og behandling
  • Observasjon, behandling og oppfølging av inneliggande pasientar
  • Laboratoriearbeid
  • Tverrfagleg samarbeid

 

Lønnsvilkår

  • Løn etter tariff
  • Pensjonsordning med 2 % innbetaling til KLP

Til faste helsefaglege stillingar på bachelornivå tilbyr kommunen eit rekrutteringstilskot på kr 30.000 som eingongsutbetaling, gitt under føresetnad om to års bindingstid.

 

Send søknaden via Lærdal kommune si heimeside: www.laerdal.kommune.no under fana "ledige stillingar".

 

Kontaktpersonar

Marianne Voldum, Organisasjon og personalleiar, mobil: 97582715, Marianne.Voldum@laerdal.kommune.no

Malin Partenyi, Dagleg leiar, tlf: 57666990, mobil: 99327475,
malin.partenyi@laerdal.kommune.no

 

Søknadsfrist: 19.02.2021

Gå til søknadsskjema
Til toppen