Frist: 31. aug.

Lærdal næringsutvikling søkjer dagleg leiar

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Du vil få ei sentral rolle i utviklingsarbeidet i kommunen, og ha ein viktig funksjon i dialogen mellom næringsliv, kommune og lokalsamfunn. Når Lærdal no skal avslutta omstillingsarbeidet og LNU skal over i ein ny fase, så gir det høve til å påverka retning og innhald i utviklingsarbeidet i kommunen. Lærdal er også med i eit prosjekt som skal greia ut eit tettare regionalt næringssamarbeid, med mål om auka verdiskaping, større lønsemd og fleire arbeidsplassar i heile regionen.

Ansvarsområde:

  • Dagleg drift og leiing av selskapet - økonomisk styring, rapportering og resultatansvar
  • Personalansvar – gjennom å motivera tilsette mot felles mål
  • Vidareutvikling av verksemda
  • Prosjektleiing og prosjektkoordinering
  • Kontakt med kommune, næringsliv og andre samarbeidspartnarar
  • Ansvar for sakshandsaming av søknader til kommunen sitt næringsfond
  • Representasjon og deltaking i ulike samarbeidsforum

Kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning
  • Bakgrunn frå næringslivet eller erfaring frå arbeid med næringslivet
  • Kunnskap om/erfaring frå offentleg forvaltning og administrasjon
  • Leiarerfaring, erfaring med endrings- og strategiarbeid
  • Gode relasjonelle eigenskapar, er engasjert og initiativrik
  • Sjølvstendig, strukturert, resultatorientert og fleksibel

Stillinga som dagleg leiar vil by på utfordrande og varierte oppgåver i eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø. Løn og vilkår etter nærmare avtale.

For meir informasjon, ta kontakt med dagleg leiar Arve Tokvam, arve@laerdalnu.no - 907 85 950 eller styreleiar Yngve Hallén, ynghall@gmail.com - 901 16 005.

Søknad med CV sendast til Lærdal Næringsutvikling AS, Postboks 28, 6886 Lærdal eller på e-post til post@laerdalnu.no innan fredag 31. august.

Gå til søknadsskjema
Til toppen