Frist: 18. juni

Ledige vikariat som barnehagelærar/pedagogiske leiarar i Årdal kommune

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Me har ledig desse stillingane i barnehagane i Årdal kommune:

Einehaugen barnehage:

  • 100% st. i vikariat som barnehagelærar f.o.m. 15.08.18 - 15.08.19

Årdalstangen barnehage:

  • 90% st. i engasjement som pedagogisk leiar i perioden 15.08.18 - 15.08.19.
  • 70% st. i vikariat som pedagogisk leiar i perioden 15.08.18 - 31.12.18, med mogelegheit til forlenging

Uravegen barnehage:

  • 60% st. i vikariat som barnehagelærar f.o.m. 15.08.18 - 15.08.19, med mogelegheit til forlengiing

Kvalifikasjonskrav
Til stillingane som barnehagelærar/pedagogisk leiar vert det krevd utdanning som barnehagelærar.

Me ønskjer personar som har gode samarbeidsevner og er fleksible, må kunne arbeida sjølvstendig og ha gode evner til å sjå enkeltbarn og heile barnegruppa.

Løn og tilsettingsvilkår

  • Stillingane er løna etter HTA
  • 2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Søknadsfrist 18.06.2018

Kontaktpersonar:

 

Søknadsprosedyre

Trykk på «Gå til søknadsskjema» nederst i denne utlysinga. Der får du lista opp stillingar som er lyst ut i Årdal kommune. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Gå til søknadsskjema
Til toppen