Frist: 14. jan.

Leikanger kommune har tre ledige stillingar til 100 %

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Leikanger kommune søkjer dagleg leiar i Leikanger Frivilligsentral, Ingeniør og Fagarbeidar teknisk uteseksjon.

Dagleg leiar til Leikanger Frivilligsentral - frist 14. januar

Leikanger frivilligsentral er eit nystarta kommunalt tilbod som legg til rette for innbyggjarar, lag og organisasjonar som ynskjer å vere frivillige aktørar. Frivilligsentralen samarbeider tett med andre kommunale tenesteeiningar. Nokre av oppgåvene handlar om å legge til rette for samarbeid, bidra til deltaking for alle som ønskjer å bli frivillige, og ha ei aktiv rolle med å starte opp med nye behovsretta aktivitetar.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Vidareutvikle sentralen
  • Ansvar for dagleg drift med sekretariatfunksjon for styret.
  • Jamleg kontakt med lag, organisasjonar og andre verksemder

Krav til kvalifikasjonar:

  • 3-årig høgskuleutdanning
  • Ved allsidig erfaring kan krav om høgskuleutdanning fråvikast

Personlege eigenskapar:

  • Engasjert og motivert for nye oppgåver
  • Evne til å motivere andre
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Kommunisere godt, både skriftleg og munnleg
  • Fleksibel og resultatorientert

Anna:

  • Kjennskap til frivillige lag og organisasjonar
  • Kunne bruke IKT som verktøy
  • Kjennskap til offentleg forvaltning

 

100 % stilling som fagarbeidar teknisk drift - frist 7. januar

Hovudoppgåvene til stillinga er drift  og vedlikehald av kommunen sine vass- og avløpsanlegg.  I dette inngår m.a. drift av eksisterande hovudleidningar for vatn og avløp, pumpestasjonar, høgdebasseng, anlegg for handtering og reinsing av vatn og avløp m.m. Stillinga vil også få andre oppgåver innan teknisk drift og i kommunale bygg. Det kan bli aktuelt å delta i kommunal vaktordning.

Ønskjelege kvalifikasjonar:

  • fagbrev innan røyrleggarfaget eller anna relevant fagbrev.
  • erfaring frå drift av kommunaltekniskeVA – anlegg.
  • ADK – sertifikat.
  • erfaring med bruk av leidningskart/VA-teikningar og driftskontrollanlegg.

Personlege eigenskapar:

  • samarbeida godt med andre
  • arbeide sjølvstendig og ha god gjennomføringsevne
  • vere målretta, systematisk og resultatorientert

Vi kan tilby:

  • faglege utfordringar og sjølvstendige oppgåver
  • eit inkluderande, triveleg og godt arbeidsmiljø
  • løn etter avtale
  • god pensjonsordning
  • Leikanger kommune er ei IA-bedrift

 

100 % stilling som ingeniør til teknisk sektor - frist 7. januar

Denne sektoren har ansvaret for arealplanlegging, kart- og oppmålingstenester, byggesaker, landbruksforvaltning, VAR-området, vegar og kommunale bygningar/eigedomar. Sektoren har og ansvar av kommunen sine bygge- og anleggsprosjekt.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • forvaltning og utvikling av kommunen sine eigedomar
  • prosjektleiing for kommunale byggjeprosjekt
  • utvikling og drift av VAR
  • delta i kommunen sine vaktordningar – tekniske anlegg, brann og redning
  • stillinga rapporterer direkte til teknisk sjef.

Kvalifikasjonar:

  • utdanning frå høgskule eller teknisk fagskule der fagkretsen innan bygg- og ingeniørfag vert vektlagt
  • relevant erfaring frå privat og offentleg sektor
  • erfaring med prosjektstyring
  • god kjennskap til Plan- og bygningslova, Lov om off. innkjøp og anna relevant regelverk
  • god kjennskap til IKT som arbeidsverktøy
  • god økonomiforståing

Personlege eigenskapar:

  • vere målretta, systematisk og resultatorientert
  • arbeide sjølvstendig og ha god gjennomføringsevne
  • samarbeida godt med andre
  • gode norskkunnskapar

Vi kan tilby:

  • faglege utfordringar og sjølvstendige oppgåver
  • eit inkluderande, triveleg og godt arbeidsmiljø
  • løn etter avtale
  • god pensjonsordning
  • fleksitidsordning
  • Leikanger kommune er ei IA-bedrift

For meir informasjon sjå fullstendig utlysingstekst under Ledige stillingar på heimesida vår.

Gå til søknadsskjema
Til toppen