Frist: 1. aug.

Leikanger kommune søkjer programrådgjevar til flyktningtenesta

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Programrådgjevar vil ha særleg ansvar for flyktningar i introduksjonsprogrammet, men elles vil arbeidsoppgåvene som ligg til tenesta bli fordelt i teamet.

Leikanger kommune har ledig ei 70 % fast stilling som programrådgjevar i flyktningtenesta. Det er ønskjeleg med snarleg tiltreding. Flyktningtenesta sitt hovudansvar er busetjing av flyktningar, koordinering av dei tenestene dei treng og gjennomføring av introduksjonsprogram. Sidan 2015 har kommunen busett 40 flyktningar, og målet er å busetje minimum ti flyktningar årleg framover. 

Ønskjelege kvalifikasjonar

  • vi søkjer etter ein person med relevant 3-årig utdanning frå høgskule eller universitet
  • det er ønskjeleg med interesse for og erfaring frå fleirkulturelt arbeid med fokus på integrering
  • ein bør ha førarkort klasse B.

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskaper. I dette ligg mellom anna evne til å motivere, ta initiativ, utfordre og sjå ressursar og moglegheiter hos kvar enkelt. I tillegg vil det bli lagt vekt på at ein er aktiv i å utvikle flyktningarbeidet og skapar eit god samarbeid med andre einingar i kommunen. Ein bør trivast med høgt arbeidstempo og at kvardagen kan ha mange ulike utfordringar, samt kunne jobbe sjølvstendig og strukturert.

Vi tilbyr

  • eit ungt, aktivt og godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • varierte og utfordrande oppgåver
  • stor moglegheit til å vere med på å påverke og utvikle din arbeidsplass
  • løn etter avtale

Vi er opptekne av mangfald og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje. 

Flyktningtenesta i Leikanger kommune låg tidlegare innunder NAV-Leikanger, men har nyleg etablere seg som ei eiga teneste på Tinghuset. Tenesta vil til saman ha 2,7 årsverk.

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med leiar for flyktningtenesta, Malin Riple Vetti, tlf. 404 14 350/ 920 49 602.

Gå til søknadsskjema
Til toppen