Leikanger kommune søkjer tre sjukepleiarar inntil 100% fast stilling - Porten.no
:
Frist: 22. april

Leikanger kommune søkjer tre sjukepleiarar inntil 100% fast stilling

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Leikanger sjukeheim består av 28 sjukeheimsplassar med 4 avdelingar fordelt på skjerma eining, rehabiliteringsavdeling og to langtidsavdelingar.

Pleie og omsorg deltar i velferdsteknologiprosjektet og er i full gang med implementering i tenesta. Vi jobbar blant anna aktivt med oppfølging av ernæring, medikamenthandtering, hygiene, rehabilitering, palliasjon og demens.

Me har ledig

  • 3 stillingar for sjukepleiarar i inntil 100% fast stilling.

Sjukepleiarstillingane er for tida knytt til sjukeheimsavdelingane. 

Arbeidsoppgåver

  • Ivareta sjukepleiarfaglege oppgåver
  • Pleie, omsorg og behandling av bebuarar ved sjukeheimen
  • Ansvar for kontaktoppgåver, mellom anna primærkontakt
  • Bidra til aktivitet med bebuarane
  • Vere medansvarlig for eit godt arbeidsmiljø
  • Vere rettleiar for studentar/lærlingar og andre

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent sjukepleiar med norsk autorisasjon
  • Ønskjeleg med relevant vidareutdanning innan demens, geriatri, akuttsjukepleie eller rehabilitering/velferdsteknologi
  • Det er krav om godkjent norskprøve 3 for framandspråklege søkjarar. Kravet kan fraskrivast dersom det kan dokumenterast god norsk og munnleg framstillingsevne.
  • Politiattest av nyare dato må leggjast fram ved tilsetjing

Personlege eigenskapar

  • Vere løysingsfokusert
  • Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibel, ansvarfull og serviceinnstilt
  • Ha evne og interesse for eldreomsorg

I tillegg til eit godt arbeidsmiljø kan vi mellom anna tilby

  • Godt fagmiljø og dyktige medarbeidarar
  • Utfordrande og lærerik jobb
  • Todelt turnus med arbeid kvar 3. helg (gjeld ikkje heimehjelpsstillinga)
  • Startløn tilsvarandre minumum 8 års ansiennitet eller etter avtale
  • Kommunen kan vere behjelpeleg med å skaffe bustad

Tilsetjing skjer elles på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.


Ta kontakt med tenesteleiar for pleie og omsorg, Hanne Hoff tlf.489 54 958, hanne.hoff@leikanger.kommune.no, om du har spørsmål om stillingane.

Søknad sender du ved å fylla ut vårt elektroniske søknadsskjema

Søknadsfrist: 22. april 2019.

Gå til søknadsskjema
Til toppen