Frist: 5. Apr

Leikanger barneskule har ledige vikariat

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Lærarstillingar i vikariat for skuleåret 2020 / 2021.

Leikanger barneskule ligg vakkert til ved utløpet av Henjadalen. Naturen kring skulen er ein ressurs me prøver å nytta så godt som råd er på alle dei seks årsstega og i Bjørnehiet, skulefritidsordninga vår. Ved skulen ligg også kunstgrasbane, grasbane og friidrettsanlegg. Leikanger barneskule er praksisskule for Høgskulen på Vestlandet, HVL. I periodar tek skulen i mot praksisstudentar frå lærarutdanninga i Sogndal. Studentane blir knytte opp mot faste klassar på barneskulen. Skulen har om lag 175 elevar og 38 tilsette.


Sentrale ansvarsområde:

  • Undervisning
  • Samarbeid med miljørettleiar/fagarbeidar / assistent


Kvalifikasjonar:

  • Godkjend lærarutdanning for undervisning på barnesteget (1-6).
  • Fagynskje er basisfaga norsk, matematikk og engelsk, og i tillegg kroppsøving.
  • Personlege eigenskapar:
  • Lagarbeidar, løysingsorientert, evne til sjølvstendig arbeid og glad i nye utfordringar


Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar

Menn vert særskilt oppmoda om å søkja for å oppretthalda ein tilfredsstillande balanse mellom kvinner og menn i skule- og SFO-tilbodet vårt.

Berre søknadar mottekne innan frist og leverte via Easycruit vert vurderte.

Kontaktperson for stillinga:
Målfrid Sværen, e-post: malfrid.svaren@sogndal.kommune.no,
tlf. arb.: 57656801, tlf. mob. 971 67 544.

 

Søknadsfrist: 05.04.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen