Frist: 15. Mar

Luster sparebank søkjer banksjef

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Noverande banksjef gjennom mange år går av med pensjon. Banken er difor på jakt etter ein etterfølgjar, som kan styrke og vidareutvikle Luster Sparebank sin posisjon i marknaden.

Luster Sparebank er ein solid og offensiv bank. Banken er i vekst og har kundar over heile landet. Målsetjinga er å vere ein av dei leiande frittståande sparebankane i Sogn.

Banksjefen har det strategiske og operative ansvaret for å leie verksemda i høve til dei føresetnader og målsetjingar som styret i banken vedtek.

Luster Sparebank har hovudkontor i Gaupne og filial på Hafslo.


Krav til kompetanse/erfaring:

  • Høgare utdanning innan relevant fagområde.
  • Relevant arbeidserfaring, helst innan områda økonomi og organisasjonsutvikling.
  • Leiarerfaring, og eit ynskje om å utvikle deg som leiar.
  • Sterkt kundefokus og god marknadsforståing.
  • Kjennskap til, og forståing for, banksektoren sine krav i høve til lover, forskrifter og reglar.

 
Personlege eigenskapar

  • Inspirerande og open leiarstil, stor arbeidskapasitet, relasjonsskapande personlegdom, med vekt på god samhandling.
  • Dyktig nettverksbyggjar.
  • Tydeleg leiar med god sosial forståing og som er til stades i organisasjonen.
  • Gode kommunikasjonsevner.
  • Gode strategiske evner, med sterk operativ gjennomføringsevne.


Me tilbyr:

  • Høve til å leie ein spanande og sjølvstendig bank, som er i posisjon for vidare utvikling og vekst.
  • Ambisiøst arbeidsmiljø med gode høve til personleg og fagleg utvikling.
  • Ein fleksibel bank med rask og kort veg til avgjerder.
  • Konkurransedyktige vilkår.

 

Ved spørsmål om stillinga kan ein kontakte rekrutterarar,  
Sigrid Anette Førde på tlf 400 21 567.
Daniel Dvergsdal på tlf: 400 21 564. 

Søknaden vert handsama konfidensielt, også i høve til oppdragsgjevar dersom dette er ynskjeleg.
Aktuelle kandidatar vert kontakta for intervju fortløpande.

Du kan og kontakte styreleiar Bjarne Venjum på tlf 907 24 759.

 

Søknadsfrist: 15.03.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen