Frist: 26. Jan

Mattilsynet søkjer førsteinspektør

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Vi har ledig ei fast stilling som veterinær med kontorstad i Sogndal.

Avdeling Sunnfjord og Sogn ligg i Vestland fylke i Region Sør og Vest. Avdelinga har tilsaman 25 tilsette fordelt på 3 kontorstader: Førde, Sogndal og kjøtkontroll ved Nortura Førde.

Sogndal er ein triveleg tettstad i Indre Sogn med gode utdanningstilbod, eit rikt kuturliv og lett tilgang til natur og friluftsliv.

Mattilsynet er ein kunnskapsorganisasjon som legg stor vekt på kompetanseutvikling og å dele kunnskap på tvers av fagområde. Sentralt i organisasjonen står teamarbeid og medarbeiderskap. Som medarbeidar i Mattilsynet får du fagleg utvikling og kan påverke eigen arbeidssituasjon. I stillinga kan du som veterinær bruke dine kunnskapar til å forbetre dyrs levevilkår. Mattilsynet er ein viktig samfunnsaktør og må heile tida vere i endring for å takle nye utfordringar.

Arbeidsoppgåver

  • Du fører tilsyn med kjæledyr og produksjonsdyr ut frå ei risikovurdering og basert på bekymringsmeldingar.
  • Du gjev informasjon og rettleiing til dyreeigar.
  • Du utfører sakshandsaming i samsvar med gjeldande retningslinjer.
  • Du må også pårekne andre oppgaver utfrå eit samla behov og prioriteringar i avdelinga.

Mattilsynet er ein beredskapsorganisasjon, det betyr at du må bidra til å handtere kritiske situasjonar. Mattilsynet samarbeider med andre offentlege etatar.


Kvalifikasjonar

  • Du må vere veterinær med norsk autorisasjon.
  • Det er bra om du har erfaring frå offentleg forvaltning, tilsynsarbeid eller annen relevant arbeid, men nyutdanna kan også søkje.
  • Kunnskap og erfaring frå eit eller flere av etatens fagområder er ein fordel.
  • Du må ha god skriftleg og munnleg formuleringsevne både på nynorsk og bokmål. Kjennskap til andre språk t.d. engelsk eller tysk er ein fordel.
  • Du må vere fortruleg med å nytte IKT-verktøy
  • Du må ha førarkort klasse B.


Personlege eigenskapar

  • Du samarbeider godt, deler kunnskap, erfaringar og informasjon, samstundes som du bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
  • Du kommuniserer og rettleier på ein klar og tydeleg måte, men du må også vere tålmodig, lyttande og imøtekommande overfor dyreeigarane.
  • Du har ei god rolleforståing og evne til å prioritere.
  • Du er effektiv, målretta og strukturert, med evne til raskt å sette deg inn i nye fagområder.
  • Du taklar ein hektisk hverdag og trivst med utfordringar.
  • Du likar å arbeide i team, men kan også arbeide sjølvstendig.


Vi tilbyr

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg arbeidsmiljø.
  • Stillinga vert lønna som førsteinspektør (kode 1498) kr 490 000-590 000, avhengig av kvalifikasjonar. For særs godt kvalifiserte søkjarar kan kode 1499 seniorinspektør og eventuelt høgare lønn bli vurdert.

Etaten nyttar leasingbiler i tilsynsarbeidet.

Som tilsett  i staten nyt du godt av gunstige pensjons- og låneordningar i Statens Pensjonskasse.

Vi oppfordrer alle kvalifiserte kandidater til å søkje uavhengig av alder, kjønn, redusert funksjonsevne, nasjon eller etnisk bakgrunn.


Slik søkjer du
Søknader vert berre mottekne elektronisk via Mattilsynet sitt rekrutteringssystem WebCruiter. Du må registrere deg som brukar før du kan legge inn søknaden.              

Vi ber om at du registrerer fullstendig CV, og laster inn vitnemål og attestar som vedlegg.


Kontaktinformasjon, Bente Lien, Avdelingssjef, tlf 22777983

 

Søknadsfrist: 26.01.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen