Frist: Snarest
(Foto: manonallard)

Ecura søker etter ferievikarar og tilkallingsvikarar i våre tiltak på Vestlandet

Me søker etter ferievikarar og tilkallingsvikarar i våre tiltak på Vestlandet.

Me treng både miljøterapeutar og miljøarbeidarar. Me oppmodar personar som er under utdanning å søka.

Som miljøterapeut/miljøarbeidarar vil du arbeide i team med fokus på kvalitet, tilrettelegging, planlegging og målretta miljøterapeutisk arbeid. Oppgåvene dine vil vera å bidra i teamet slik at brukarane opplev ein heilskapleg og føresjåeleg kvardag med trygge rammer. Me søkjer deg med rett innstilling og haldning til det viktige arbeidet som skal gjerast. Me tilbyr ein variert arbeidskvardag med stort fokus på kvalitet i arbeidet og tverrfaglegheit.

Kvalifikasjonane dine:

  • Miljøterapeutar med utdanning som vernepleiar, sjukepleiar, sosionom, barnevernspedagog etc.
  • Miljøarbeidar med helsefag, eller relevant erfaring. Personlege eigenskapar vert vektlagde.
  • Ansvarsbevisst
  • Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner
  • Initiativrik og søkjer å finna gode løysingar
  • Fleksibel og godt humør
  • Personleg eigenheit vil bli tillagt avgjerande vekt
  • Førarkort klasse B

Me tilbyr:

  • Eit tverrfagleg kompetansemiljø
  • Jobb i eit konsern i spanande utvikling
  • Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige kollegaar
  • Ulike turnusordningar
  • Konkurransedyktig løn
  • Gode mogelegheiter for personleg utvikling

Arbeidsstadar:

Me er lokalisert i Geilo, Årdal, Luster, Sogndal, Leikanger, Balestrand, Bremanger og Aurland. Det er difor fint om du i søknaden din skriv kvar du fortrinnsvis er interessert i å jobbe.

Det vert påkravd godkjend politiattest i henhold til gjeldande lovverk. Dei som vert tilsett lyt etterfylgja Ecura sine verdigrunnlag og har eit sterkt ynskje om å utgjera ein skilnad for oppdragsgjevarar, tenestemottakarar og deira pårørande.

Spesifiser i prioritert rekkefylgje i søknadsteksten kva for kommunar du ynskjer å søkje innanfor.

Har du spørsmål til stillinga, kontakt:
Administrativ leiar Kristiane Seim, telefon 928 08 256 eller e-post kristiane.seim@ecura.no
Fagleder Bjarni H. Valsson, telefon 950 41 638 eller e-post bjarni.valsson@ecura.no

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn fortløpande.

Søknadsfrist: Snarast
Tiltreding: Etter avtale

Gå til søknadsskjema
Til toppen