Frist: Snarest

Mjømna Kystcamp søkjer driftsleiar

Er du lidenskapeleg oppteken av reiseliv og kysten? Har du eit ønskje om å drive din eigen campingplass heilt i sjøkanten?

Mjømna Kystcamp vart etablert i 2014 og har sida den gang bygd opp kystcampen med campingplassar, båthamn, bryggje og naust.

Det er i dag 27 fastbuande på campen, og opparbeida plass til totalt 34 stk., i tillegg har ein løyve til å byggje ut 30 plassar til. Kystcampen har også 60 døgnplassar for bubil eller campingvogn, eit mål tileigna for telting, 2 servicehus, og 15-20 døgnplassar for båt i hamna.

Det vert også klargjort for båtplassar for alle fastbuande som har ynskje om dette. Straum er lagt opp, både i campingområdet og i hamna, og fiber kjem på plass i løpet av året.

Hamna er utstyrt med bølgjedempar, bryggje og eit naust som rommar inntil 90 gjestar, det er også eit fullt utstyrt kjøkken på området som i dag vert leigd ut, men som kan nyttast fritt av nye drivarar. Kvart år vert det arrangert 4 tilstellingar som krabbebord, minikonsertar og pinsetreff.

Kystcampen ligg idyllisk plassert på Mjømna, eit lite øysamfunn i ytre Gulen kommune, med unik utsikt og tilknyting til sjøen, kor det er gode moglegheiter for fiske, padling og bading. Sjøområdet har mange vakre skjergardar, øyar og holmar, og kystcampen ligg omringa av flott natur med turområde og fjellstiar i umiddelbar nærleik.

Campen ligg like ved kaia til ekspressbåtruta mot Bergen, Nordfjord og Flåm, perfekt for dei som vil reise på dagsturar til områda i nærleiken, i tillegg er det kort reiseveg til Postruta i Solund, Gulatinget, Skjerjehamn og andre historiske og interessante destinasjonar.

Mjømna Kystcamp vert i dag drifta av Kalo Båt og Bilferie AS, som også eig området, dei ynskjer no å verte eigedomsforvaltar og utbyggjar for staden, og overlate drifta til andre. Å drifta campingplassen er ein livsstil, det er her du ynskjer å tilbringe somrane og helgene dine, og du vert meir enn berre ein drivar av staden, du vert også vertskap.


Driftsleiaren vi søkjer har kjennskap til reiseliv og forretningsdrift, ynskjer ein livsstil i takt med sesongstyrt arbeid, og brenn for å leggje til rette for gode opplevingar!

Kystcampen har eit stort uutnytta potensiale, perfekt for engasjerte personar som vil ta tak i dette potensialet og byggje vidare på konseptet.

Er dette deg eller dykk, ta kontakt med Oddbjørn Mjømen på telefon 909 41 971 eller e-post oddbjorn@mjomen.com.

Det ynskjeleg med overtaking av drifta frå og med neste sesong, helst så tidleg som mogleg i 2021. Frist for å sende søknad er derfor sett til utgangen av desember 2020.

Les om bedrifta på www.mjomna.no 

 

Søknadsfrist: Utgangen av desember

Gå til søknadsskjema
Til toppen