Frist: 18. Oct

Monter Andersen søkjer lagerarbeider byggevarer

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Spennande jobb med varierte arbeidsoppgåver ledig i Årdal!

Dette er oss:

  • Me er ein god gjeng med totalt 30 tilsette i Årdal, Lærdal og Kaupanger.
  • Me er særs opptekne av å yta god service til både proff-og privatkundar.
  • Me diggar materiale, verktøy og det meste innan interiør, og me har lang erfaring i bransjen.
  • Me samarbeider på tvers av avdelingane og gjer gjerne ei hand med der det trengst, anten det er varemottak, rydding, vareteljing, transport og logistikk.
  • Me har godt humør og trivst aller best når det er travle tider i butikk og på lager.

Det er det no!

Difor søkjer me fleire som har lyst til å vera med på laget.

Har du erfaring frå liknande arbeid, er det sjøvlsagt ein fordel, men me legg stor vekt på personlege eigenskapar og kan lova god og grundig opplæring.
Det er heilt nødvendig med førarkort klasse B. Har du også trucksertifikat, blir me veldig oppglødde, men det er ikkje eit krav.
Stillinga er 100 % og me vil gjerne at du kan byrja så snart som mogleg.

Her hjå Andersen AS er me opptekne av godt og sosialt arbeidsmiljø.

Me har felles lunsj, fruktordning og dessutan ei kaffimaskin som kan laga det meste.

Lurer du på noko, ta kontakt med Morten: 48897871

Søknad sendast til Henny: henny@andersenas.no

 

Søknadsfrist: 18.10.20

Gå til søknadsskjema
Til toppen