Frist: 17. jan.

Musea i Sogn og Fjordane søkjer avdelingsleiar (vikar)

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Norsk Reiselivsmuseum er ei avdeling under Musea i Sogn og Fjordane og er lokalisert i Balestrand ved Sognefjorden. Museet formidlar reiselivshistorie frå byrjinga av 1800- talet og fram til i dag.

Arbeidsoppgåver
Musea i Sogn og Fjordane søkjer etter vikarierande avdelingsleiar ved Norsk Reiselivsmuseum. Vikarierande avdelingsleiar har det daglege ansvaret for drifta ved museet, herunder ansvar for to faste medarbeidarar, samt sommarvertar. Vikariatet er på 12 månader.

Vi søkjer ein resultatorientert person med driftsfokus. Stillinga rapporterer til administrerande direktør i stiftinga Musea i Sogn og Fjordane. Du må rekne med noko arbeid utanfor normal arbeidstid i samband med arrangement. Stillinga stiller krav til sjølvstende og struktur.

Kompetanse og kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan museumsrelevante fag, eller annan relevant høgare utdanning
  • Leiarerfaring frå kunnskapsverksemd/museumsdrift
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne
  • Ønskeleg med førarkort klasse B


Personlege eigenskapar

  • Evne til samarbeid og nettverksbygging
  • Målretta og strukturert
  • Inkluderande

Det er ønskeleg med snarleg tiltreding.

Stillingane blir lønna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum (Virke). God pensjonsordning. IA-avtale. Musea i Sogn og Fjordane er inne i ein organisasjonsprosess.

Nærare opplysningar får ein ved å ta kontakt med adm.dir. Kjartan Aa Berge, tlf. 414 46 439, e-post Kjartan.Aa.Berge@misf.museum.no, sjå elles www.misf.no. Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg, om dette blir kravd, blir søkarane kontakta på førehand.

Søknad med CV skal sendast til stilling@misf.museum.no eller til Musea i Sogn og Fjordane, Gota 16, 6823 Sandane, innan 17. januar.

Søknad merkast «Vikariat avdelingsleiar NRM»

Gå til søknadsskjema
Til toppen