Frist: 17. jan.

Musea i Sogn og Fjordane søkjer museumsvert

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Norsk Reiselivsmuseum er lokalisert i Balestrand ved Sognefjorden. Museet skal formidle reiselivshistorie frå byrjinga av 1800- talet og fram til i dag.

Arbeidsoppgåver

  • Førstelineoppgåver knytt til avdelinga
  • Ansvar for drift og utvikling av museumsbutikk og kafé
  • Ansvar for utleige av lokaler
  • Oppfølging og utvikling av samarbeid med eksterne aktørar
  • Formidling


Kvalifikasjonar

  • Interesse for museum og museumsdrift
  • God munnleg og skriftlig framstillingsevne
  • Gode digitale kunnskapar
  • Gode språkkunnskapar
  • Ønskeleg med røynsle frå kontorarbeid og førstelineteneste
  • Ønskeleg med førarkort klasse B


Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt
  • Målretta og strukturert
  • Gode samarbeidsevne

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane er inne i ein organisasjonsprosess, og dette kan føre til endringar i stillinga sitt innhald og arbeidsoppgåver. Søkjar må vere fleksibel i høve til intensive arbeidsperiodar. Det må påreknast noko reising, kvelds og helgearbeid. Stilling blir lønna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum (Virke). God pensjonsordning. IA-avtale.

Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til Kjartan Aa Berge, 414 46 439. Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.

Søknad med CV sendast innan 17. januar 2020 til stilling@misf.museum.no, eller i post til Musea i Sogn og Fjordane, Gota 16, 6823 Sandane.

Merk søknad « Museumsvert NRM»

Gå til søknadsskjema
Til toppen