Frist: 23. Feb
(Foto: Falkeblikk AS)

NAV Sogndal søkjer jobbspesialist

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Vi har ledig 100% stilling som jobbspesialist i nyoppretta prosjekt i Sogndal kommune.

Prosjektet er i første omgang for eitt år, med mogleg forlenging i inntil tre år. Det kan vere høve for fast tilsetting etter avslutta prosjektperiode. Prosjektet er eit  samarbeid mellom kommunehelsetenesta i Sogndal og NAV Sogndal.

Som jobbspesialist arbeider du etter metoden IPS (Individual placement and support). Målet med IPS er å legge til rette for at menneske med psykiske problem og/eller rusproblem skal få og behalde lønna arbeid.

Brei internasjonal forsking syner at IPS, på norsk kalla individuell jobbstøtte, har gjeve gode resultat når det gjeld sysselsetjing for målgruppa.

Jobbspesialisten vil vere ein del av helseteam psykiatri/rus, NAV Sogndal og marknadsteam Sogn.

Tilsetting i tråd med kommunalt regulativ (Sogndal kommune).

Arbeidsgivar er leiar i NAV Sogndal.

Arbeidsoppgåver

  • Oppsøke bedrifter, skape dialog med arbeidsgjevarar og bygge nettverk inn mot regionalt og lokalt næringsliv (60% av tida er ute hos arbeidsgjevarar og/eller med jobbsøkjarar).
  • Identifisere jobbsøkjarane sine interesser, evner og sterke sider og korleis desse kan koplast til aktuelle jobbar.
  • Engasjere og motivere både jobbsøkjarar og arbeidsgjevarar.
  • Jobbe systematisk med personar for at dei skal få og behalde ordinært arbeid.
  • Samarbeide tett med NAV-kontor, helsetenesta og arbeidsgjevarar.
  • Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben.


Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå offentleg eller privat næringsliv er ynskjeleg.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og effektivt.
  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner.
  • God digital kompetanse.
  • Førarkort klasse B.
  • Utdanning er aldri ei ulempe, men det er ikkje spesifikke krav til utdanning eller utdanningsretning.

 

Personlege eigenskapar

  • Ha tru på at personar i målgruppa, på tross av utfordringar, kan få og behalde ein plass i arbeidslivet.
  • Motivasjon og gjennomføringsevne i oppsøkande verksemd og relasjonsbygging med arbeidsgjevarar.
  • Initiativrik og fleksibel.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Ha erfaring frå eller interesse for rettleiing og rettleiingsmetodikk.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagd.

 

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde.
  • Eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø.
  • Kurs, opplæring og rettleiing for jobbspesialistar etter IPS metodikk.
  • Bil til disposisjon i arbeidstida.
  • Løn etter avtale.

 

Kontaktperson: Idunn Litleré Brodahl, tlf. 412 72 108

 

NAV (arbeids- og velferdsforvaltningen) leverer arbeids- og velferdstenester til Norges befolkning og har 19 000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gi menneske moglegheiter, og vårt hovudmål er å få fleire i arbeid. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement som ynsker meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver.

NAV er ein inkluderande arbeidsplass som er prega av mangfald. Vi ynsker at alle kvalifiserte kandidatar søkjer jobb hjå oss. Vi legg vekt på å legge til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. I lys av inkluderingsdugnaden oppfordrar vi personar med nedsett funksjonsevne og/eller "hol i CV" om å søke jobb hjå oss. De er ein verdifull arbeidskraftressurs som NAV treng. Søkjarar som tilkjennegir at de har nedsett funksjonsevne eller hull i CV-en, vert gjort merksam å at denne opplysninga kan bli brukt til statistikkformål i samband med regjeringa sin inkluderingsdugnad dersom vedkomande blir tilsett. Vi gjer merksam på at CV blir nytta til utvida søkjarliste. Dersom du ynsker å bli unnateke frå offentleg søkjarliste,  må dette grunngjevast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje bli oppført på søkjarlista. Du blir varsla dersom ynsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje.

 

Søknadsfrist: 23.02.2020

Gå til søknadsskjema
Til toppen