Stillingen er satt passiv.
Er du ein allsidig og dyktig leiar som trivst å jobbe med strategi, organisasjon og tenesteutvikling? Då kan dette vere rette jobben for deg.
Som seksjonsleiar i Fagstøtte vil du få ansvar for ei spanande og variert oppgåveportefølje.
Seksjonen har ansvar for fleire av tenestene NAV Økonomiteneste (ØT) leverer til heile NAV, mellom anna informasjon, opplæring og kundesenteret vårt. Seksjonen koordinerer ØT sine utviklingsaktiviteter i stort, og har bygd opp eit tverrfagleg miljø som mellom anna nyttar teknologi aktivt for å effektivisere og forbetre arbeidsprosessar. Ansvar for interne strategi- og organisasjonsprosessar, samt andre fellesfunksjonar for ØT høyrer også til seksjonen.
Som seksjonsleiar er ei sentral oppgåve å sørge for gode og effektive tenester, og vi ser no etter deg som særleg kan styrke og profesjonalisere vårt kundesenter. For å få til dette må du vere ein god pådrivar, som tek initiativ, har gjennomføringskraft og skapar engasjement.
Med deg på laget får du ein engasjert og utviklingsorientert gjeng, som jobbar i høgt tempo, i eit ope og livleg samarbeidsmiljø.
Herdis Ulveseth, Direktør, 99718546, herdis.ulveseth@nav.no
Kristine Birkeland, HR-støtte, 92632619, kristine.birkeland@nav.no
Søknadsfrist: 28.02.21