Frist: 31. aug.

Nettbuss søkjer bussjåfør i 100 % stilling til Valdresekspressen

Med Årdal som stasjoneringsstad, søkjer Nettbuss ekspressbussjåfør til Valdressekspressen og andre ruter.

Avdeling Sogn som denne stillinga vil ligge under, køyrer ekspressbussruter for Nettbuss express. Dette er Sognebussen, Fjordekspressen og Sogn og Fjordane Ekspressen. Me køyrer også Valdresekspressen i samarbeid med Jotunheimen og Valdresruten Bilselskap (JVB). Stillinga inneber i hovudsak køyring av Valdresekspressen. Det kan også verta anna ekspresskøyring i periodar. Stasjoneringsstad er Årdal.

Me søkjer etter sjåfør med fylgjande kvalifikasjonar:

  • førarkort for buss klasse D med yrkessjåførbevis og køyresetel
  • erfaring frå transportnæringa i Noreg, fortrinnsvis busskøyring

Søkjar må:

  • beherske norsk, skriftleg og munnleg
  • beherske engelsk munnleg
  • ha gode samarbeidsevner og evne til å takle utfordringar som oppstår
  • arbeide sjølvstendig
  • vere ansvarsbevisst, påliteleg og har god køyrestil

Me kan tilby:

  • løn og arbeidsforhold i samsvar med tariff (Bussbransjeavtale)
  • forsikrings- og pensjonsordning
  • bedriftshelseteneste
  • ordna arbeidsforhold og godt arbeidsmiljø

Ved spørsmål til stillinga, ta kontakt med avdelingsleiar Vivian Hilleren, 906 59 727. 

Gå til søknadsskjema
Til toppen