Frist: 16. mai

NRK søkjer journalist i Sogndal

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Drøymer du om å gå på topptur før jobb? Eller har du lyst til å bu i ei bygd med eit rikt kulturliv og levande studentmiljø? Då har vi kanskje den rette jobben for deg.

NRK Sogn og Fjordane har ledig eit årsvikariat som journalist ved lokalkontoret i Sogndal. Vi er på jakt etter ein person som kan jobbe fram nyheiter frå Sogn, trivast med å reise rundt i regionen og er ein trygg nynorskbrukar. 

 

Arbeidsoppgåver

  • Nyheitsarbeid for nett, radio, TV og sosiale medium.
  • Jobbe fram eigensaker som set dagsorden og engasjerer.
  • Jobbe i felt og levere lyd, bilete og video til alle plattformer.
  • Rykke ut og dekke store hendingar.
  • Dekke sport og spesielt fotball i regionen.

Kvalifikasjonar

  • Meistrar både rask oppdatering og å jobbe fram grundige saker.
  • Skriv korrekt og god nynorsk og har ei sikker munnleg språkføring.
  • Har god digital forståing og er oppdatert på nye publiseringsformer.
  • Har erfaring og interesse for stillbilete og levande bilete.
  • Har førarkort

Personlege eigenskapar

  • Kan arbeide sjølvstendig og har eigne idèar.
  • Har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.
  • Kan jobbe raskt og effektivt under press.
  • Har gode samarbeidsevne.


Me tilbyr

  • Sogndal er kjent for eit rikt friluftsliv både sommar og vinter, og som studiestad har bygda også eit variert fritidstilbod. NRK Sogn og Fjordane har kontorlokale på Campus Fosshaugane, der 700 tilsette og over 300 studentar har sitt daglege virke.
  • NRK Sogn og Fjordane har hovudkontor i Førde og lokalkontor i Sogndal og på Nordfjordeid.
  • Vi er ein ung stab med sterkt fokus på nyheiter. Redaksjonen leverer saker til lokale sendingar på radio og tv, til eiga nettside og til riksredaksjonane i NRK.
  • NRK er omfatta av Offentleglova sine reglar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjarar som ikkje ynskjer namnet sitt offentleggjort må grunngje kvifor. Dersom unntaket ikkje vert godteke, vert søkjar varsla og får høve til å trekke søknaden.

 

Kontaktinformasjon: Linda Olin Reite, Redaksjonssjef, +47 975 00 90


Arbeidsstad
Campus Sogndal
6856 Sogndal

Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: NRK

Referansenummer: 4072231521
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 19.08.2019
Sluttdato: 18.08.2020
Søknadsfrist: 16.05.2019

Gå til søknadsskjema
Til toppen