Frist: 19. des.
(Foto: Falkeblikk AS)

Nye Sogndal kommune søkjer rådgjevar/ingeniør/yrkeshygienikar - 2. gongsutlysning

I stab under kommunalsjef / kommuneoverlege søkjer vi ein dyktig medarbeidar til 100% vikariat som rådgjevar/ingeniør/yrkeshygienikar innan miljøretta helsevern, i perioden 1.1.2020 - 30.09.2020.

Miljøretta helsevern Indre Sogn vart i 2004 oppretta som eit interkommunalt samarbeid mellom 8 kommunar i Indre Sogn. Sogndal kommune er vertskommune, medan tilsett i denne stillinga fungerer som sakshandsamar for ein kommunelege i kvar medlemskommune.


Arbeidsoppgåver

Den som vert tilsett i denne stillinga skal bistå kommuneoverlegen og utføre oppgåver som ligg til miljøretta helsevern. Miljøretta helsevern utøver myndigheit innanfor folkehelselova, tobakksskadelova og strålevernlova. Vi har eit stort fagfelt, blant anna støy, forureining, radon, hygiene, inneklima, tilsyn med ulike verksemder som f.eks. skular, barnehagar, symjebasseng, tatoveringsstudio og solarier. Oppgåvene som ligg til miljøretta helsevern inneber sakshandsaming, rettleiing, rådgjevings-, godkjennings- og tilsynsansvar ovanfor verksemder, eigedommar og på område kvar forskriftskrav og/eller retningslinjer innanfor miljøretta helsevern skal etterlevast.


Krav til kompetanse

  • Utdanning på mastergradsnivå er å føretrekke. Utdanninga må være relevant for oppgåver innan miljøretta helsevern. Eksempel på utdanning som kan være relevant er ingeniørutdanning, juridisk utdanning, helseutdanning.
  • Relevant erfaring med arbeid innanfor miljøretta helsevern eller arbeid med internkontrollsystem, systemrevisjon/tilsyn, risikovurdering, ytre miljø, HMS eller yrkeshygiene er ein fordel.
  • Kunnskap om sakshandsaming, forvaltningslov og anna regelverk som ligg til grunn for korrekt sakshandsaming.
  • Stillingsinnehavar må ha god lov- og rolleforståing, og forstå balansen mellom service og myndigheitsutøving.
  • Må kunne uttrykke seg godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk.
  • Må være fleksibel og kunne prioritere.
  • Ha førarkort og disponere bil, da reiseverksemd innad i regionen må påreknast. 


Vi kan tilby:
Spanande og varierte arbeidsoppgåver, pensjonsordning i KLP og fleksitid

Stillingskode og løn vert fastsett på grunnlag av utdanning, lønsansiennitet og intern lønsstruktur. Lønsansiennitet vert fastsett ut frå vitnemål og attestar, som skal leverast ved jobbintervju.

 


Kontaktpersonar:

Leiv Erik Husabø, Helsesjef, tlf 57 65 56 66, Leiv.erik.husabo@leikanger.kommune.no,
Jan Ove Tryti, Tenesteleiar, tlf: 57 62 97 00, mobil: 917 73 798, jan.ove.tryti@sogndal.kommune.no

 

Andre opplysningar

Alle søkjarar må skrive mobilnummer i feltet "Telefon/Mobil privat" i den elektroniske søknaden.


For søknad

Bruk søknadsskjema som ligg til stillingsannonsen på vår heimeside: www.sogndal.kommune.no - ledige stillingar.
For spørsmål kontakt Tenestetorget på tlf. 57 62 96 00.

Dersom du skal søkje på fleire stillingar må du sende ein søknad pr. stilling.
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-post adresse i søknaden og det er merka av for at ein ønskjer å motta informasjon om søknaden på e-post.

I skjemaet er det mogeleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort, men gjer merksam på at CV vert brukt i utvida søkjarliste. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør Offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Fullstendig utlysing og søknadsskjema finn du på nettsida sogndal.kommune.no/ledigestillingar.

Søknadsfrist 19.12.2019.

 

Gå til søknadsskjema
Til toppen