Frist: 18. nov.

Østerbø Maskin søkjer aggregatmontør

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Vil du vere med på laget med Vestlandets fremste ekspertar på løysingar for nødstraum og reservekraft?

Som del av satsinga vår på straumaggregat treng vi no montør som skal jobbe med montasje og service i aggregat-teamet.

Aggregat-teamet er tverrfagleg og følger kundane heile vegen frå sal via montering og installasjon til service. Du skal hovudsakleg vere ein av våre menn/kvinner ute hos kunden. Her vil det fordele seg om lag 50/50 på installasjon og serviceoppdrag. Vi har straumaggregat i drift i heile Noreg og per i dag om lag 100 aktive serviceavtaler.

  • Du monterer, installerer og køyrer i gang aggregat i heile Noreg
  • Du leiar tidvis prosjekt og arbeid med installasjon
  • Kvalitetssikring av leveransen - litande løysingar
  • Du utfører planlagde servicejobbar og rykker ut på eventuell feilsøking og feilretting.
  • Stillinga kan inngå i kommande vaktordning
  • Prefabrikkering av mekaniske delar som eksos, ventilasjon osv. på verkstaden vår i Sløvåg

Bakgrunn og erfaring

  • Du har erfaring frå liknande arbeid
  • Utdanning innan mekaniske fag/sveis
  • Automatikarar, elektromontørar, industrirørleggarar med kompetanse på mekanisk/sveis blir og vurderte
  • Førarkort kl B
  • Flytande norsk og engelsk skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

  • 100% fast stilling med konkurransedyktig løn
  • Oppmøteplass Sløvåg, stor reiseverksemd må påreknast
  • Tilpassa reise- og friordning

Straumaggregat tryggjer viktige funksjonar hos kundane våre. Alt frå sjukehus, flyplassar, havbruk og elkraft. Det er viktig for oss at kundane kvar dag skal oppleve litande løysing frå Østerbø og vere trygge.

Meir info og søknad

For meir informasjon eller spørsmål om stillinga kontaktar du leiar aggregat Magne Halland magne@osterbo.no telefon: 94 18 79 31 eller salsansvarleg aggregat agentur Arve Søreide: arve@osterbo.no telefon: 48 16 17 24
. Søknad og CV sender du til linda@osterbo.no innan 18.november 2019.

Gå til søknadsskjema
Til toppen