Frist: 8. Feb

Porten.no søkjer ansvarleg redaktør

Vi søkjer ein engasjert redaksjonell leiar som saman med resten av laget skal bringe Porten til nye høgder

Som ansvarleg redaktør i Porten vil du leie eit engasjert og dyktig lag.  Vi har nyleg fått innvilga produksjonsstønad, og satsar offensivt inn i 2021. Vi har planar om å styrke laget vårt i kampen om å vinne fleire lesarar, abonnentar og annonsørar.  

Vi ser etter deg som har god teft for nyheiter og treffsikre redaksjonelle vurderingar. Du evnar å få med deg folk og ser forskjell på ei klikkvinkla sak og en sak som genuint engasjerer lesaren. 

Du vil bu og arbeide i vakre omgjevnader i Indre Sogn.

ANSVAR OG OPPGÅVER:

  • Ansvar for redaksjonell leiing og utvikling av Porten

  • Konvertera gode journalistiske idéar til relevant og salbart innhald

  • Lage innhald og eigne journalistiske saker – og heile tida vera på jakt etter dei gode historiane

  • Gå føre med det gode eksempelet i den daglege journalistiske produksjonen

  • God planlegging og tett oppfølging av produksjonen og journalistane

  • Personalansvar og rettleiing i det daglege journalistiske arbeidet 

  • Overordna strategisk leiing saman med dagleg leiar og rapportering til styret i avisa


DIN PROFIL: 

  • Journalistikk:  Du har relevant journalistisk erfaring.

  • Talent: Vi oppfordrar journalistar, frontredigerarar, digitalleiarar eller frontsjefar med ønskje om å utvikle seg vidare, til å vise interesse for stillinga. 

  • Leiing: Leiarerfaring, til dømes  som mellomleiar, er ein føremon, men ikkje eit krav.

  • Presseetikk: Det er vesentleg at du har god presseetisk vurderingsevne.

  • Analyse: Er du oppteken av innsikt og analyse i utviklingsarbeidet. 

  • Personlege eigenskapar: Du er ein lagspelar med gode mellommenneskelege eigenskapar. Du har gründerånd og ser nye moglegheiter. Du er lesarorientert, målretta og planmessig som leiar og journalist. Du vert trigga av konkurranse og nyheitsjakt, og har eit godt humør. 

  • Språk: Svært gode språkkunnskapar på nynorsk, skriftleg og munnleg. 

Om du har noko av det vi er på jakt etter, og har ambisjonar og ønskje om å utvikla deg vidare, oppmodar vi deg til å vise interesse for stillinga. 

Vi tilbyr ei sentral og viktig stilling i ei lokalavis med målsetjing om vekst. Porten kan tilby deg eit godt miljø og engasjerte eigarar som ynskjer vekst og utvikling. Vi tilbyr konkurransedyktig løn, ordna arbeidsforhold, god pensjonsordning og gode forsikringsordningar. 

Arbeidsstad og utgangspunkt for stillinga vil vere frå vårt kontor anten i Øvre Årdal eller Sogndal. 

For meir informasjon, ta kontakt med vår rekrutteringspartner HAMNØY AS ved rådgjevar Jan Tore Hamnøy, tlf. +47 411 02 200, eller rådgjevar Aase Marie Stølås Jørgensen, tlf. 454 72 665. 

Vis di interesse for stillinga ved å registrera din CV og søknad snarast. Attestar og vitnemål skal leggast ved søknaden. All kontakt blir handsama konfidensielt – òg overfor oppdragsgjevar i innleiande fase dersom det er ønskjeleg.

Søknadsfrist: 8. februar – søknadar vert vurdert fortløpande.

Gå til søknadsskjema
Til toppen