Frist: 4. april

Porten.no søkjer ein inspirerande og resultatorientert ansvarleg redaktør / journalist

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Vil du vera med på å styrka vår posisjon som heildigital lokalavis i vakre omgjevnader i Indre Sogn? Me leitar etter deg som har journalistisk teft og evne til å leia og vera med å videreutvikla vårt redaksjonelle arbeid i Porten.no.

Som ansvarlig redaktør / journalist i Porten.no vil du få sjansen til å vera med å utvikla nettstaden vidare. Du vil bli ein nøkkelperson i eit ung og engasjert arbeidsmiljø.

Ansvar og oppgåver: 

  • Leia og vera med å utvikla det redaksjonelle arbeidet
  • Vera ein tydeleg, samlande og inspirerande ressurs i vidareutviklinga av Porten.no
  • Laga innhold og eigne journalistiske saker – og heile tida vera på jakt etter dei gode historiane

Ønskja kvalifikasjonar og bakgrunn:

  • Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis innan journalistikk
  • Erfaring som journalist
  • Oppdatert på utviklinga i norsk presse både journalistfagleg og teknologisk
  • Samfunnsengasjert
  • Eit sterkt engasjement for uavhengig journalistikk
  • God etisk vurderingsevne
  • Erfaring med å jobba med digitale plattformer
  • Porten er ei nynorskavis – og vår nye redaktør må vera trygg på å skriva nynorsk
  • Som redaktør i Porten ønskjer me at du bur i vårt område

Vi søkjer deg som: 

  • Har ambisjonar som journalist og leiar
  • Er idérik og har god journalistisk teft
  • Er oppteken av resultat og kvalitet
  • Har kommersiell forståing
  • Er analytisk og strategisk
  • Har gode samarbeidsevner og gode leiarevner
  • Er kreativ og nysgjerrig

Vi tilbyr: 

  • Ein sjeldan sjanse til å vera med å bygga opp ei heildigital lokalavis
  • Ei viktig rolle i eit framtidsretta miljø prega av kreativitet og fleksibilitet
  • Konkurransedyktig løn og pensjon, forsikring og personalordningar

For meir informasjon, ta kontakt med vår rekrutteringspartner HAMNØY AS ved rådgjevar Jan Tore Hamnøy, tlf. +47 411 02 200, eller rådgjevar Pål Meyer, tlf. +47 416 68 192.

Vis di interesse for stillinga med å registrera din CV og søknad snarast. Attestar og vitnemål skal leggast ved søknaden. All kontakt blir handsama konfidensielt – òg overfor oppdragsgjevar i innleiande fase dersom det er ynskjeleg.

 

Søknadsfrist: 4. april – søknadar blir behandla fortløpande.

Tiltreding: Etter nærare avtale.

Gå til søknadsskjema
Til toppen