Frist: Snarest
(Foto: Marita Myklebust Tonning)

Jobb som journalist i Porten.no - eit mediehus i vekst

Vil du vera med på å bygga ei heildigital lokalavis i Ytre Sogn? Me leitar etter deg som har konkurranseinstinkt, journalistisk teft og evne til å vidareutvikla det redaksjonelle arbeidet i Porten.no.

Porten.no utvidar; me etablerer no ei nettavis i Ytre Sogn. Du blir ein nøkkelperson i eit ungt og engasjert miljø som utviklar denne plattformen frå start.

Kontoret er plassert midt i ein godtepose av naturmoglegheiter, anten du likar toppturar og pudder, kajakkpadling, fjellklatring, elvefiske eller luftsport.

Ansvar og oppgåver: 

Produsera og utvikla det redaksjonelle arbeidet. Stille førebudd med idear til kvar vakt. Laga innhald og eigne journalistiske saker – og heile tida vera på jakt etter dei gode historiane

Ynskja kvalifikasjonar og bakgrunn: 

  • Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis innan journalistikk eller andre samfunnsområde
  • Erfaring som journalist
  • Oppdatert på utviklinga i norsk presse, både journalistfagleg og teknologisk
  • Samfunnsengasjert
  • Eit sterkt engasjement for uavhengig journalistikk
  • God etisk vurderingsevne
  • Erfaring med å jobba med digitale plattformer
  • Gjerne erfaring med video
  • Porten.no er ei nynorskavis, og vår nye journalist må vera trygg på å skriva nynorsk

Me søkjer deg som:

  • Har ambisjonar som journalist
  • Er idérik og har god journalistisk teft
  • Er oppteken av resultat og kvalitet
  • Er analytisk og strategisk
  • Har gode samarbeidsevner og gode leiarevner
  • Er kreativ og nysgjerrig

Me tilbyr:

  • Ein sjeldan sjanse til å vera med å byggja ei heildigital lokalavis
  • Ei viktig rolle i eit framtidsretta miljø prega av kreativitet og fleksibilitet
  • Konkurransedyktig løn og pensjon, forsikring og personalordningar
  • I utgangspunktet 100%. Det kan òg vera mogleg å tilby ein lågare prosent. Me ser òg etter folk som kan jobba frilans eller på tilkalling.

For meir informasjon, ta kontakt med dagleg leiar og redaktør, Synne Asheim Haga, tlf. +47 975 46 895 eller synne@porten.no

Send CV og søknad snarast. Legg ved attestar og vitnemål, gjerne også døme på saker og reportasjar. Søknader blir behandla fortløpande. 

Oppstart: snarast/ etter avtale.

Gå til søknadsskjema
Til toppen