Frist: 5. des.

Psykiatrisk klinikk Kyrkjebø har ledig 100% vikariat som gruppeleiar

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

Psykiatrisk klinikk har ledig 100% vikariat som spesialsjukepleiar/sjukepleiar med funksjon som gruppeleiar, for tida ved DPS døgn Tronvik.

Ved evt. intern tilsetting kan det bli ledig stilling som spesialsjukepleiar/sjukepleiar. Vikariatet kan bli aktuelt å utvide.

Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til 13 kommunar i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Klinikken har om lag 185 årsverk. Det er og eit aktivt forskingsmiljø tilknytta Psykiatrisk klinikk, som har fleire pågåande doktorgradsprosjekt om psykisk helse og behandling.

I dag er DPS døgn Tronvik ein av to DPS sengepostar i psykiatrisk klinikk for Sunnfjord og Ytre Sogn. Det er samstundes planar for nybygg for Psykisk helse i Førde for voksne, born og ungdom. DPS døgn Tronvik er då planlagd samlokalisert med DPS døgn i Førde i 2021. Nybygget vil vere kobla fysisk saman med Førde sentralsjukehus. Psykiatrisk klinikk er aktiv i å jobbe med å utvikle moderne og gode tenester for pasientpopulasjonen.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

For stillinga krevst det dokumentasjon på utdanning.
Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.


Arbeidsoppgaver

  • Gruppeleiar skal sikre at arbeidet ved sengeposten vert heilskapleg og godt organisert
  • Gruppeleiar har seksjon-/einingsleiar som næraste leiar
  • Gruppeleiar har eit spesielt ansvar for planlegging, tilrettelegging og gjennomføring av den psykiatriske sjukepleien og sikre at arbeidet er i tråd med gjeldande lovverk og målsetjinga i avdelinga. Ein skal vere rollemodell i tverrfagleg team og fremje tverrfagleg samarbeid
  • Gruppeleiar har ein koordinerande funksjon i tverrfagleg team der delegering av arbeidsoppgåver til postpersonalet står sentralt. Gruppeleiar har også ansvar for den daglige fordelinga av personalressursar
  • Gruppeleiar skal vere bindeledd mellom terapeut, pasient og personale. Man koordinerer også kontakt/ samarbeid med pårørande, andre avdelingar, kommunehelsetenesta og andre instanser. Gruppeleiar skal såleis vere ein fagleg ressursperson for avdelinga
  • Gruppeleiar inngår i det miljøterapeutiske teamet i posten og koordinerer og deltek i primærteamarbeid/ møter i pasientbehandlinga
  • Gruppeleiar skal ha oversikt over den enkelte pasient sin behandling under innlegginga og vere ein kontaktperson for pårørande. Samt halde terapeut orientert ved endringar av pasienten sin tilstand
  • Gruppeleiar rettleiar i konkrete samspelsituasjonar mellom pasient og postpersonale
  • Gruppeleiar leggjer forholda tilrette for å utvikle personalet sine faglege kvalitetar i arbeidet med pasientane
  • Gruppeleiar skal vere ein støtteperson ved oppstart, gjennomføring og evaluering av nye tiltak, prosjekt o.l.


Kvalifikasjonar

  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Må ha gode data kunnskapar
  • Du må vere utdanna sjukepleiar, er ein fordel med relevant vidareutdanning. Er også ønskjeleg at du har klinisk praksiserfaring frå feltet.
  • Du må ha førerkort klasse B


Personlege eigenskapar

  • Du må ha motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du må ha god fagleg vurderingsevne, arbeide målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
  • Vi ønskjer ein person som er ansvarsbevisst, strukturert, pasientorientert og fagorientert
  • Du må vere sjølvstendig samtidig som du samarbeider godt i tverrfagleg fagteam.
  • I denne stillinga må du vere løsningsorientert, klare å se hvilke arbeidsoppgaver som må gjerast forså å utføre dei
  • Vere intressert i fagutvikling og er ein pådrivar til dette i eiga avdeling


 Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Hjelp med bustad (oppgi i søknaden dersom det er ønskjeleg)


Kontaktinformasjon
Marianne Engh Strandos, Einingsleiar, 577 14 331

Abeidsstad
6995 Kyrkjebø

Søk på stillinga:Klikk her


Nøkkelinformasjon
Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4148934775
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 06.01.2020
Sluttdato: 03.01.2021
Søknadsfrist: 05.12.2019

Gå til søknadsskjema
Til toppen