Frist: 27. okt.

Psykiatrisk klinikk Kyrkjebø søkjer sjukepleiar og psykologspesialist/psykolog

Psykiatrisk klinikk, Helse Førde, Kyrkjebø avd. Tronvik har ledige stillingar.

Ved posten for Tverrfaleg Spesialisert Rusbehandling, Psykiatrisk klinkk, avd. Tronvik, har vi ledig:

  • Sjukepleiar 100% fast, frå snarast.
  • Psykologspesialt/psykolog 100%. Stillinga er eit vikariat, men med moglegheit for fast tilsetjing.

Rusposten har 15 plassar som omfattar 3 plassar for avrusing, 4 stabiliseringsplassar og 8 plassar for rehabilitering. Av desse er ein plass brukarstyrt.
Posten er regionsdekkande for Helse Vest. Det er psykiater, psykologspesialist og LIS knytt til posten. Du kan lese om rusposten her.
Avdeling Tronvik ligg vakkert til på Kyrkjebø ved Sognefjorden og har to postar med tilsaman 26 plassar og omlag 70 årsverk.
Den andre posten er ein DPS-post med 11 plassar, inkl. to brukarstyrte plassar.
Avdelinga har eining for arbeids- /idrettsterapi, samt sosiale tenester.
For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon.
Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg


Sjukepleiar

Arbeidsoppgåver

  • Vi ønskjer søkjarar med kunnskapar om, og røynsle med miljøterapi for menneske med ruslidingar/psykiske lidingar
  • Utføre delegerte medisinsk faglege oppgåver i samarbeid med behandlar
  • Posten har primærteam omkring pasientane, individualterapi, gruppeterapi, arbeidsterapi og fysisk aktivitet er viktige stikkord. Det er etablert faste fora for brukarmedverknad i utviklinga av tenestene
  • Posten arbeider i nær kontakt med ytre instansar som NAV, kommunale tenester osv
  • Rettleiing av studentar og anna personale høyrer med til arbeidsoppgåvene


Kvalifikasjonar

  • Vi set krav til off.godkjent bachelorutdanning innan sjukepleie
  • Off. godkjent vernepleiar kan også bli vurdert
  • Søkjar bør ha relevant erfaring, helst frå tilsvarande post, og ha god innsikt i miljøterapeutisk arbeid med menneske som har ruslidingar.


Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer personar med respekt for den einskilde pasienten, og som har evner til å skape motivasjon og entusiasme, men også tryggleik omkring seg.
  • Du har god fagleg vurderingsevne og arbeider målretta og strukturert.
  • Du må vere personleg eigna, ryddig og ansvarsbevisst og kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø.


Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskjeleg
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Rettleiing


Kontaktinformasjon
Elin Lysne, Seksjonsleiar, 577 14 316
Jannicke Birkaas, Adm.sekretær, 577 14 325

Søk på stillinga:Klikk her

Søknadsfrist: 27.10.2019



Psykologspesialist/psykolog

Arbeidsoppgåver

  • Vurdering, utredning og diagnostisering av pasientar med psykiske lidingar og rusavhengigheit
  • Behandling ut fra den einskilde pasient sine behov
  • Vi legg vekt på brukermedverknad
  • Samhandling og samarbeid med aktuelle samarbeidspartar i 1. og 2. linjetenesta
  • Samhandling med pårørande
  • Rettleie og undervise ved behov


Kvalifikasjonar

  • Psykologspesialist/psykolog
  • Klinisk erfaring og/eller interesse for for arbeid med rusavhengigheit og psykiske lidingar
  • Førarkort klasse B
  • Søkarar utanfor skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Eigenerklæring om vaksinasjon- immunitestilhøve, tuberkuloseundersøking og MRSA- testing må fyllast ut ved tilsetting


Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Gode samarbeidsevner
  • Fleksibel og evne til å vere løysingsfokusert
  • Evne til å prioriter oppgåver i ein hektisk kvardag
  • Lyst til å utvikle deg saman med oss
  • Personleg eigna


Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Gode mulegheiter for fagleg utvikling
  • Engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
  • Trivelig arbeidsmiljø
  • For ikkje- spesialister vert det lagt tilrette for å fullføre spesialisering


Kontaktinformasjon
Tanja Strandheim, Inntaksleiar, 577 14 367
Elin Lysne, Seksjonsleiar, 577 14 316

Søk på stillinga:Klikk her

Søknadsfrist: 27.10.2019

 

Gå til søknadsskjema
Til toppen