Frist: 12. des.

SIMAS har ledig vikariat som økonomikonsulent

Stillingen er satt passiv.

Søk etter jobbar.

SIMAS IKS har ledig 100 % vikariat som økonomikonsulent ved kontoret i Festingdalen på Kaupanger til 31.08.2021

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Sakshandsaming og andre oppgåver innafor renovasjon og slam
  • Kontakt mot kundar og leverandørar
  • Reknskap (årsoppgjer, fakturering, oppfølging purring/inkasso ++)
  • Prosjektbaserte oppgåver


Ynskjeleg utdanning/praksis:

  • Relevant høgare utdanning innan økonomi/administrasjon
  • Gode datakunnskapar
  • Erfaring frå offentleg administrasjon
  • Erfaring frå løns- og rekneskapsarbeid


Me søkjer etter medarbeidarar som:

  • Er fleksibel og vil setje seg inn i og lære nye ting
  • Er interessert i å bidra til utvikling av arbeidsplassen og eit positivt arbeidsmiljø
  • Kan arbeide sjølvstendig og samarbeide godt med andre
  • Er engasjert og har positiv innstilling
  • Trivast med kundeservice og høgt tempo
  • Er systematisk, nøyaktig og målretta
  • Er løysingsorientert og kan ta eit ekstra tak når det trengs
  • Kan skriva nynorsk


Me kan tilby:

  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Løn i.h.t avtale med pensjonsordning for tida i KLP

     

Spørsmål om stillinga kan rettast til SIMAS IKS ved økonomisjef Aud Jane Beheim på tlf nr.: 57 65 70 73 eller direktør Hallvard Thomassen tlf. nr. 57 65 70 71

Søknad med CV skal sendast til post@simas.no innan 12. desember 2019.

Gå til søknadsskjema
Til toppen